Posisjonen tok kontroll over Kontrollutvalet

I kommunestyret tok Høgre og Arbeidarpartiet kontroll over kva saker Kontrollutvalet i Fjell skal kikka nærare på. Nokon kontroll av rutinane for tryggleik og beredskap, eller for bruken av tippemidlane og tomtetilhøva i Straume Idrettspark AS, var mellom dei temaene posisjonen ikkje ville vita av.

Kontrollutvalet skal utøva kontroll og tilsyn på vegne av kommunestyret. Ei oppgåve utvalet gjennomfører ved å ta initiativ til forvaltningsrevisjonar av offentlege tenesteområde og kontrollar av selskap der kommunen er aksjonær. I teorien skal utvalet ha mandat til å kunna kontrollera alle typar saker som kommunestyret gjer vedtak i.

Kutta frå ti til tre
Før kommunestyremøtet sist veke hadde Kontrollutvalet lagt fram ei liste over 10 prioriterte oppgåver dei ser behov for å gjennomføra resten av denne valperioden.

Den lista ville ikkje posisjonen vita noko av. Karsten Sprenger (H) opna diskusjonen ved å fremma forslag om å kutta lista frå ti til tre kontrollar. Det skal berre gjennomførast forvaltningsrevisjon med 1) Tilpassa opplæring, spesialundervisning og PPT, 2) Plan- og byggjesakshandsaming og 3) Kontrakts- og leverandøroppfølgjing, foreslo Sprenger på vegne av Høgre og Arbeiderpartiet.

Fylkesmannen registrerte tre avvik under tilsynet med tryggleik og beredskap i Fjell. Mellom anna manglar vi kriseplanar i tilfelle Sotrabrua vert sett ute av drift.
Fylkesmannen registrerte fire avvik under tilsynet med tryggleik og beredskap i Fjell. Mellom anna manglar vi kriseplanar i tilfelle Sotrabrua vert sett ute av drift.

Ifølgje forslaget frå posisjonen er ikkje fordelinga av idrettsmidlane, tryggleik og beredskap, helse, miljø og tryggleik, bemanning, sjukefråvær og vikarbruk i barnehagane eller busetjing og integrering av flyktningar tema som er viktig nok til at Kontrollutvalet bør bry seg med dei.

Les: Manglar kriseplanar

Les: Unødvendig å by to gongar

Verken bruken av tippemidlane eller tomtetilhøva i Straume Idrettspark er noko posisjonen ønskjer at Kontrollutvalet skal bry seg med.
Verken bruken av tippemidlane eller tomtetilhøva i Straume Idrettspark er noko posisjonen ønskjer at Kontrollutvalet skal bry seg med.

Heller ikkje forslaget om selskapskontroll av Eigarskapsforvaltninga eller Straume Idrettspark AS passerte posisjonen sitt nålauge.

Straume Idrettspark AS står for drifta av idrettsanlegget Sotra Arena. Fjell kommune er minoritetsaksjonær med 34 prosent av aksjane, resten eig Sotra Sportsklubb.

Les: Kjøper tomt i Sotra Arena

Les: Fjell kommune bygde på annan manns grunn

Opposisjonen protesterte
Kuttforslaget vart ikkje vedteke utan protestar. Anita Garlid Johannessen (FrP) ville vita om det er vanleg at kommunestyret endrar på Kontrollutvalet sine prioriteringa. Framstegspartiet var innstilt på å følgje Kontrollutvalet si liste, og så la dei jobba seg nedover.

– Det er kommunestyret som prioriterer, sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A). Problemet denne gongen var at lista var uvanleg lang, og at det ville vera kostbart og vanskeleg for utvalet å koma seg gjennom ei så lang liste.

Svein Bergh (SL) var like forundra som Frp-representanten over forslaget om å endra Kontrollutvalet si innstilling. Sotra Lista ønska å støtte innstillinga frå Kontrollutvalet.

Budsjett
– Det er ein grunn til at Kontrollutvalet har utarbeida denne prioriteringslista, men eg ser at dei har eit budsjett å forhalda seg til, argumenterte Anita Garlid Johannessen.

- Det er ein grunn til at Kontrollutvalet har sett opp denne prioriteringslista, meinte Anita Garlid Johannessen (FrP).
– Det er ein grunn til at Kontrollutvalet har sett opp denne prioriteringslista, meinte Anita Garlid Johannessen (FrP).

– Kvar revisjon kostar 200.000 – 300.000 kroner, minna varaordførar Tom Georg Indrevik (H) kommunestyret om.

Kven eig Kontrollutvalet?
– Kommunestyret må stå fritt, eg er litt forundra over at det vert vist til sedvane i denne saka, innvende Ernst Morten Einarsen (H).

– Kontrollutvalet er opposisjonen sitt organ til å følgja opp posisjonen sine tiltak. Kontrollutvalet er eit uhilda organ, og medlemmane har ingen politiske posisjonar, argumenterte Daniel Victor Sandvik (FrP).

– Aldri i min karriære har eg opplevd at Kontrollutvalet er opposisjonen sitt organ. Kontrollutvalet er kommunestyret sitt organ, hevda Eva Vik (A).

Orienterte kommunestyret
Veteranen Kåre Dyrøy (A) hadde sjølv vore med i Kontrollutvalet ei tid tilbake:
– Det første vi gjorde var å orientera Kommunestyret om kva vi ville gjera. Det var ikkje noko problem, sa Dyrøy.

– Vi kan vera samde om at Kontrollutvalet er kommunen sitt kontrollorgan. Her har vi peika på eindel område for forvaltningsrevisjon. Vi har gått for dei to øverste på prioriteringslista, og løfta opp punkt nummer sju.
Når det kjem til selskapskontroll, har vi sagt at det ikkje er teneleg å gå gjennom dei no, men at ein bør venta til etter 2020.

– Elles er eg samd med Anita Garlid Johannessen om at det ville vore interessant å få belyst fleira av punkta, sa Indrevik.

Kommunestyret finansierer
Det er Kommunestyret som skal sørgja for finansieringa av Kontrollutvalet.
Kontrollutvalet i Fjell har ikkje eigen kompetanse til å gjennomføra forvaltningsrevisjonar eller selskapskontrollar. Å hyra inn konsulentar kostar typisk 140.000 – 300.000 per oppdrag, ifølgje sakspapira.

Posisjonen fekk fleirtal
I avstemminga vart Kontrollutvalet si innstilling stilt opp mot forslaget frå posisjonen. Forslaget frå posisjonen vart vedteke med 20 røyster. Kontrollutvalet si liste fekk 15 stemmer; frå Frp, Sotra Lista, V, KrF og Senterpartiet.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s