Dobbelt så mange bustadar til sals i Fjell som i Askøy

Det er no 208 bustadar til sals i Fjell. Det er nøyaktig dobbelt så mange som i Askøy, ifølgje Finn.no.

Straumehagen vart lagt ut på marknaden våren 2014. Framleis er 14 av dei 43 leilighetane uselde.
Etter snart tre år på marknaden er framleis 11 av dei 43 leilighetane i Straumehagen sentralt midt i Straume Sentrum til sals. Fjell kommune har kjøpt 10 av leilighetane.

Målt i folketal har Askøy vel 3.000 fleire innbyggjarar enn Fjell. Folkeveksten dette året har dessutan nådd 1,25 prosent, mot berre 0,95 prosent i Fjell.

Les: Negativ folkevekst i Sund

Så skulle ein då kanskje også trudd at bustadmarknaden i dei to kommunane kunne samanliknast, men slik er det langt frå. Folkeveksten i kriseåret 2016 er heller ingen indikator på bustadbygginga. I Fjell jobbar gravemaskinene overtid; Meir enn tre av fire av husværa som er til sals er nybygde, eller dei vert selde som prospekt.

I Askøy utgjer brukte bustadar meir enn halvparten av den totale bustadmarknaden.

Blokker
Tilbodet av leiligheter er klart størst i Fjell. Her kan kjøparane velja og vraka mellom 119 bueiningar i blokk. I Askøy utgjer 26 leiligheter heile utvalet.

Talet på bustadar til sals i Fjell har gått kraftig ned sidan i fjor haust då rekordmange 330 bustadar låg ute på Finn.no. I Askøy er svingningane i tilbodet på bustadmarknaden langt mindre.

Les: 330 bustadar til sals i Fjell

Berga av kommunen
Ein stor del av reduksjonen i talet på bustadar til sals skuldast at Fjell kommune gjennom heile året har vore ein ivrig kjøpar av nye husvære over heile kommunen.

Les: Storkjøpar av bustadar

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s