Fått med deg forbodet mot oljefyring?

Eitpar hundre husstandar i Fjell, Sund og Øygarden fyrer framleis med fossilt brensel. No byrjar dei å få det travelt, skal dei rekka å skifta ut parafinovnen eller oljefyren innan forbodet mot oljefyring trer i kraft i 2020.

Sjølv om oljefyren ikkje lenger er i bruk, representerer nedgravde oljetankar ein miljøtrussel. Det er eigaren sitt ansvar å kontrollera at tanken ikkje lekk, seier feiarmeister Leif Ole Reithaug i Sotra Brannvern.
Sjølv om oljefyren ikkje lenger er i bruk, representerer nedgravde oljetankar ein miljøtrussel. Det er eigaren sitt ansvar å kontrollera at tanken ikkje lek, seier feiarmeister Leif Ole Reithaug i Sotra Brannvern.

Forbodet mot oppvarming med fossilt brensel er ein del av klimaforliket i Stortinget. Forbodet gjeld all bruk av fossilt brensel til oppvarming, både parafin- og oljeovnar, og fyrkjelar.

Uoversikteleg
I 2010 vart det innført forbod med installasjon av nye parafin- og oljebaserte oppvarmingsanlegg. Samstundes vart det sett i verk ein omfattande kampanje for utskrifting av gamle anlegg.

Les: Gå til informasjonssida Oljefri.no

Kor mange parafin- og oljefyrar som framleis er i bruk i Fjell, Sund og Øygarden er det ingen som har oversikt over.

Nedgravde oljetankar
Sotra Brannvern har tilsyn med eldstadar og fyringsanlegg i Fjell og Sund. Dei har registrert 245 oljetankar nedgravde kring om i dei to kommunane, seier feiarmeistar Leif Ole Reithaug til Tunnelsyn.no.

Kor mange av tankanlegga i kommunane som framleis er i bruk, er feiarmeistaren usikker på.

200 kundar
I Polar Varme AS på Rong anslår dei talet på aktive kundar av parafin og fyringsolje i Fjell, Sund og Øygarden til eitpar hundre, kan hende kring 200, ifølgje kontrofullmektig Kjersti Rønvik.

Polar Varme er i dag einaste leverandør av parafin til oppvarming i kommunane vestom Bergen. Dei leverer også fyringsolje. Liten interesse for parafin i Bergensområdet gjer at dei frå om med denne hausten må heilt til Gol for å fylla tankbilen, skal dei kunna dekka den lokale etterspørselen.

Forbruket har stupt
Utviklinga går i ønska retning. Mange strilar har forlengst følgt styresmaktene si oppfordring om gå over til å fyra med meir miljøvenleg brensel.

– Bruken av fossilt brensel til oppvarming har stupt etter at det vart innført forbod mot installasjon av nye olje- og parafinovnar, seier styreleiar Johnny Straume i Straume Bensin og Auto AS. Dei var lenge største leverandøren av parafin og fyringsolje i regionen.

Miljørisiko
Sjølv om huseigaren er pålagt å melda frå om anlegg som ikkje lenger er i bruk, er ikkje alle like flinke, ifølgje Reithaug.

– Sjølv om tanken ikkje lenger er i bruk, pliktar huseigaren å kontrollera at det ikkje lekk olje ut i miljøet, seier Reithaug.

Nedgravde oljetankar utgjer ein miljøtrussel, også om dei ikkje er i bruk. Tankane er konstruert slik at det vert liggjande ein oljerest att på botnen. Når tankane vert gamle og rustne, aukar risikoen for at olje skal renna ut og forureina miljøet.

– Ved ein oljelekkasje kan eigaren i verste fall verta pålagt ein større masseutskifting, noko som kan verta kostbart, åtvarar Reithaug.

Tilskot til utskiftning
Strilar som ønskjer å byta ut gamle oljebaserte fyringsanlegg med fornybare energikjelder kan få støtte av Enova. Den statlege verksemda som arbeider for å få til ei omlegging til fornybar energi, dekkar 25 prosent av kostnadane med å fjerna gamle parafin- og oljefyringsanlegg. I tillegg går det an å søkja om tilskot til kjøp og installasjon av nytt anlegg basert på fornybare varmekjelder.

Les: Informasjon om Enova sine tilskotsordningar

Fjell kommune gav tidlegare tilskot til utskifting av fossile fyringsanlegg, men det er det slutt på, ifølgje Hanna Gjesdal i Plan og bygningsavdelinga.

Store CO2-utslepp
Omlegging til fornybare varmekjelder vil ha effekt på korvidt Norge skal kunna nå måla vi har forplikta oss til i Paris-avtalen. Oppvarming med fossilt brensel fører til store utslepp av klimagassen CO2, i tillegg til NOX og svevestøv. Brukar du parafin eller fyringsolje til å halda varmen vinteren gjennom, betyr det at du årleg slepp ut like mykje CO2 som fire – fem personbilar, ifølgje Enova.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s