Sildefiske i Straumsundet

For tredje kvelden på rad denne veka har eit ukjent fartøy drive fiske i Straumsundet sør for Gamle Straumsbru.

Nokon som har meir informasjon om dette ukjende fartøyet som har drive sildefiske i Straumsundet denne veka?
Nokon som har meir informasjon om dette ukjende fartøyet som har drive sildefiske i Straumsundet denne veka?

Kommersielt sildefiske i Straumsundet er ei historisk hending i 2016.

Straumsundet var tidlegare kjend for sitt rike fiske, men då snakkar vi nokre tiår tilbake, lenge før urbaniseringa tok til.  Eg vart difor meir enn forundra då eg frå stoveglaset heime mandag kveld denne veka observerte det eg meinte var eit fiskefartøy på sakte fart sørover.

Les: I konflikt med naturen

Det same gjentok seg i går kveld, og i dag. I kveld hadde fartøyet ein følgjebåt med ein skarp lyskastar lik den dei pleier nytta til sildefiske.

Fleire enn eg har gjort same observasjonen:
– Lyset samlar silda, og lokkar ho sørover forbi Tåna og mot Industrikaien der det er djupt nok til at dei kan setja ut nota, forklarar ein lokalkjend fiskar.

Den lokalkjende fiskaren meinar fartøyet kan vera heimehøyrande på Bømlo.

Tunnelsyn vil svært gjerne ha meir informasjon, både om fartøyet og fangsten. Om Straumsundet framleis gjev grunnlag for kommersielt fiske, bør det verta kjend.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.