Sponheim vil ha meir makt

Kommunane bør berre ha ei dør inn til den statlege forvaltninga. Det som i dag er statlege sektoroppgåver bør difor overførast til fylkesmannen.

Hordaland treng ikkje nokon ny Skei-kommisjon for å teikna eit nytt Hordalands-kart. det har Ola Bakkebø og eg gjort, hevdar Lars Sponheim som i dag la fram tilrådinga si til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Lars Sponheim og dei andre fylkesmennene er sjeldne forvaltningsblomar i ei statleg forvaltning styrt etter sektorprisnippet.

 

Det er fylkesmann Lars Sponheim i Hordaland, saman med kollega Magnhild Meltveit Kleppa i Rogaland og Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane, som har tinga rapporten ”Ei dør til Staten for kommunane”.

Ei dør til Staten
Rapporten er fylkesmennene sitt felles innspel i den pågåande diskusjonen om oppgåvefordelinga i offentleg sektor. I rapporten konkluderer konsulentverksemda NIVI med at ti ulike oppgåver som i dag vert utført av ulike direktorat og andre regionale statlege styremakter utfører, i framtida heller bør utførast av Statens sin framste representant i fylka.

Styringssignal frå elleve departement og sju direktorat vert i dag samla hos fylkesmennene. Fylkesmennene jobbar på tvers av sektorane, og har ein tettare og meir heilskapleg kontakt med kommunane enn andre statlege organ.

Ti nye oppgåver
Her er lista over nye oppgåver fylkesmennene i vest gjerne ser dei får ansvar for:

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet sitt regionkontor bør overførast til fylkesmennene.

Ansvar for rettleiings- og utviklingsoppgåver frå Utdanningsdirektoratet. Forslaget omfattar også ansvaret for korpset av rettleiarar.

Samla forvaltninga av tilskot på helse- og sosialfeltet.

Oppfølgjing av mineralforvaltningsomsyn i kommunalt planarbeid.

Regionalt samordningsansvar for bustadsosialt arbeid.

Ei tydelegare samordningsrolle og samling av kompetanse og oppgåver i arbeidet med klimatilpasning.

Overta førstelineoppgåver frå Landbruksdirektoratet.

Integrering av Statens Naturoppsyn sitt ytre apparat

Konsesjonar for landbasert verksemd

Tilsyn med private institusjonar som friskular og asylmottak.

Overordna prinsipp
Tre overordna prinsipp ligg til grunn for forslaget om å overføra meir makt til fylkesmannen, ifølgje rapporten:
Fylkesmannen er staten sitt sentrale bindeledd og knutepunkt mot kommunane.

Statlege samordningsoppåver ovanfor kommunane bør leggjast til fylkesmannen

Av omsyn til formålseffektivitet og kostnadseffektiv forvaltning bør statlege oppgåver retta mot kommunar og andre målgrupper i lokalsamfunna leggjast til fylkesmennene.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s