Fleire arbeidslause i november

Talet på arbeidslause i regionen held fram med å stiga. I november vart det 33 fleire heilt ledige i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy. Lyspunktet denne månaden er utviklinga i Øygarden.

Blodraudt i heile regionen. Både i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy er det fleire som står utan arbeid enn i dei øvrige Hordalandskommunane. Grafen viser situasjonen på arbeidsmarknaden medrekna dei som er på tiltak.
Blodraudt i heile regionen. Både i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy er det fleire som står utan arbeid enn i dei øvrige Hordalandskommunane. Grafen viser situasjonen på arbeidsmarknaden medrekna dei som er på tiltak.

NAV sin ferske statistikk viser at stadig fleire nordmenn manglar ein jobb å gå til. Verst er utviklinga i Hordaland. Fjell og Askøy er dei to kommunane utanom Bergen som er hardast ramma.

Størst auke i Fjell
I Fjell var det ved utgangen av november 24 fleire heilt ledige enn ved forrige månadsskifte. Totalt er no 658 fjellsokningar heilt utan arbeid, tilsvarande ei arbeidsløyse på 4,9 prosent.

Samanlikna med november i fjor, står 160 fjellsokningar no utan arbeid.

På nivå med snittet i Hordaland
Askøy er den einaste kommunen i regionen som har ei arbeidsløyse på nivå med snittet i Hordaland som er på 3,4 prosent. 506 heilt ledige i Askøy er to fleire enn ved forrige månadsskifte, men heile 94 fleire enn til same tid i fjor.

Stabilt i Sund
Også i Sund har utviklinga i talet på heilt ledige teke ei negativ retning siste månaden. 149 heilt ledige er elleve fleire enn ved siste månadsskifte, og tilsvarar ei arbeidsløyse på 4,2 prosent.

Sund er einaste kommunen i regionen som kan visa til ei stabil utvikling i talet på arbeidslause samanlikna med same månaden i fjor.

Lyspunkt i Øygarden
Einaste kommunen i regionen med positiv utvikling siste månaden er Øygarden. Her fall talet på heilt ledige frå 151 til 146, noko som tilseier at arbeidsløysa no er redusert til seks prosent.

30 fleire øygardsstrilar står no utan arbeid, samanlikna med november i fjor.

Færre på tiltak
Det er no 9.402 heilt ledige i Hordaland. Kor mange som går på tiltak, offentleggjer ikkje NAV statistikk for.

Når talet på heilt ledige no går opp, skuldast det at færre deltek på tiltak, ifølgje NAV.

Fire av ti utan dagpengar
På landsbasis er det berre seks av ti heilt ledige som mottek dagpengar.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s