Verdas eldste vin

I Georgia har dei laga vin i 8000 år. Store leirkrukker spelar framleis hovudrolla når Tbilvino produserer sin Qvevris saperavi.

Russisk boikott av georgisk vin har fått store produsentar som Tbilvino til å kasta blikket mot den vesteuropeiske marknaden. Slik har også vi nordmenn fått sjansen til å smaka på den moderne varianten av det som truleg er verdas eldste vin.

Tusenårig tradisjon
Den tidlegare sovjetstaten Georgia rosar seg av å vera vinen si vogge. Ei arkeologisk utgraving nyleg avdekka nedgravde leirkrukker, på georgisk kalla qvervi, som vart nytta til vinproduksjon så tidleg som 6000 år før Kristus.

Naturvin

I slike store leirkrukker nedgravde i bakken vert vinen gjæra, modna og lagra i seks månadar.
I slike store leirkrukker nedgravde i bakken vert vinen gjæra, modna og lagra i seks månadar.

Den gamle metoden er framleis i bruk. Naturvinprodusentar frå Vest Europa har dei seinare åra byrja besøkja det gamle vinlandet for å læra teknikken.

I ein qvevri vert vinen gjæra, modna og lagra under stabil temperatur. Skinn, stilkar og steinar får lov å spontangjæra saman med druesafta i fleire månadar. Resultatet vert ein fruktig, men svært tanninrik vin som visstnok skal tola lagring i fleire tiår.

Saperavi
Navnet saperavi tyder blekk – så har då også druetypen gjeve opphav til ein vin med ein sjeldan djup blåfiolett farge.

Saperavi er ein av dei mest utbreidde druesortane i eit land med nærare 40 lokale sortar. Druetypen modnar seint og er svært hardfør. I Kakheti-provinsen på grensa mot Azerbajdsjan der Tbilvino har sin vinkjellar, dyrkar dei saperavi på 500 meters høgde.

Spontanfermentert

Djup blåfiolette druer gjev ein farge- og tanninrik vin. Foto: Lebowskyclone.
Djup blåfiolette druer gjev ein farge- og tanninrik vin. Foto: Lebowskyclone.

Druene er dyrka på 10 – 25 år gamle vinstokkar, med ein avkastning på 8 – 10 tonn per hektar.

Tbilvino qvervis saperavi er gjæra og lagra seks månadar på 500 – 3500 liter store nedgravde leirkrukker før han vart overført til ståltankar, stabilisert, filtrert og tappa på flasker.

5360501 Tbilvino Qvervris Saperavi 2014, kr. 179,90
Djup blåfiolett farge.
Aroma av modne moreller, plommer og blåbær, med ein flyktig antydning til gjødsel i nyopna flaske.
Fruktig, modne moreller, plommer, urter, og med hint av pepar i ettersmaken.

Passar til lam, svin og vilt. Toler fint å drikkast no, men kan også lagrast.

Vinen er utseld frå importøren, men kan framleis skaffast på fleire pol

4 Comments

  1. En reklame med produktpriser og overbevisende markedsføring blir ikke mindre reklame fordi andre gjør det samme. Den historiske delen er fin, men unødvendig å ha med f.eks. varenummer og priser: 5360501 Tbilvino Qvervris Saperavi 2014, kr. 179,90.
    Kritisk vinjournalistikk er helt riktig fraværende i de fleste medier.

    Likar

    1. Dette er ein redaksjonell omtale, ingen reklame. Vinomtalar finn du i nær sagt alle medier. I dette tilfellet er det like mykje måten vinen vert laga på som er det interessante.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s