Tok halve sildekvoten i Straumsundet

Straumsundet kokar av feit, fin Nordsjøsild no i førjulsvekene. Yrkesfiskarar frå Bømlo har stengt 35 tonn i løpet av vel ei veke.

Frå leveringa av 11,3 tonn sild til HJ Kryvik i Haugesund fredag sist veke.
Frå leveringa av 11,3 tonn sild til HJ Kryvik i Haugesund like før helga. Foto: Jostein Røksund.

Det ukjende fiskefartøyet i Straumsundet er no identifisert. Det var M/K Røksund med Aksel og Jostein Røksund frå Bømlo som mannskap.

Les: Sildefiske i Straumsundet

Medan uvitande bebuarar på begge sider av det smale og tett utbygde Straumsundet småsov framfor fjernsynet sist veke, var fiskarane frå Bømlo travelt opptekne med å stengja Norsjøsild i fjøresteinane.

35 tonn
I løpet av vel ei veke stengde dei 35 tonn med sild i det vel ein kilometer lange sundet frå Industrikaien i Næringsparken og inn mot Gamle Straumsbru, fortel Aksel Røksund til Tunnelsyn.no.

– Beste kvalitet, feit, fin Nordsjøsild på meir enn 350 gram, skryt ein nøgd yrkesfiskar.

Delikatessesild
11,3 tonn vart levert til HJ Kyvik i Haugesund før helga. Dette vert delikatessesild som skal leggjast på glas i krydderlake. Resten står førebels i steng.

Med ein pris på kring 6,50 for kiloen, inneber innsatsen i Straumsundet ei inntekt på 160.000 – 180.000 på deling for dei to yrkesfiskarane.

Les: Liegruppen verdset kvotane til 436 millionar

Kjend for sild
– Første kastet gjorde vi ved Skogsvåg, men vi måtte lenger nord. Vi var innstilt på at vi måtte heilt til Nordhordland, men så oppdaga vi at det stod sild i Straumsundet, seier Aksel Røksund.

– Straumsundet er kjend for å vera ein plass der det står sild. Denne gongen stod silda heilt inne ved Gamle Straumsbru, legg Røksund til.

Kablar og røyrleidningar
Sjølve fangsten var ikkje heilt problemfri, men det gjekk bra:

– Inst i sundet viser kartet at botnen er dekka av kablar og røyrleidningar, så vi torde ikkje kasta nota der. Vi måtte lysa silda ut forbi Industrikaien før vi kunne setja steng, fortel fiskaren.

Fylla kvoten
M/K Røksund har ein kvote på 54 tonn Nordsjøsild, og eigarane er innstilte på å ta mest mogleg av kvoten før julefreden seinkar seg. Noko har dei fanga tidlegare, men enno manglar nokre tonn.

Les: Sel berre stål – ikkje fisk

– Vi set kursen nordover mot Straumsundet att over helga, lover Røksund som håpar han slepp ta turen heilt til Nordhordland.

Les: Fisk – ei lokal vekstnæring

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s