Sliper KOSTRA-kniven

I Øygarden brukar dei 15 millionar kroner meir på kommunale tenester enn KOSTRA-tala for norske gjennomsnittskommunar tilseier. No sliper dei sparekniven.

Rådmann Siri Fahlvik Pettersen i Øygarden set si lit til at retten vil koma fram til eit betre skjøn enn det BKK har tilbudt. Foto: Øygarden kommune/ John Kenneth Aase.
Skulen må ta største kutta i forslaget som rådmann Siri Fahlvik Pettersen i Øygarden har utarbeida.  Foto: Øygarden kommune/ John Kenneth Aase.

KOSTRA-tala viser kor mykje dei einskilde kommunane brukar til ulike føremål, som skule, helse, omsorg og tekniske tenester, samanlikna med andre kommunar.

Øygarden kan spara 15 millionar kroner årleg på å leggja dei kommunale tenestene på same nivå som snittet i KOSTRA, har dei rekna ut. I november oppfordra rådmann Siri Fahlvik Pettersen samtlege kommunale einingsleiarar om å koma med forslag til kvar det er mogeleg å spara pengar.

Etter fleire interne rundar har rådmannen kome opp med forslag om kutt på 6,3 millionar kroner:
Skule                                    2.617.250
Barnehage                              580.000
Tekniske tenester             1.540.000
Helse og omsorg               1.000.000
Administrasjon                    600.000

Kuttlista skal presenterast som eit notat til formannskapet førstkomande onsdag.

Færre vaksne i skule og barnehage
I skulen er det færre lærarar i klasserommet som skal gje den største effekten, men og omorganisering og færre leiarar skal bidra.

Også i den kommunale barnehagen Terna vert det føreslege å kutta talet på vaksne per unge for å styrka den kommunale økonomien.

Kuttar terapibasseng
Å seinka temperaturen i symjebassenget frå 30 til 27 grader er eit av forslaga til korleis spara pengar innan tekniske tenester.

Her vert det også føreslega å redusera reinhaldstenestene med ein fast stilling, effektivisera vaktmeistartenestene og redusera kjøp av konsulenttenester til oppmåling.

Sosial trygd
Reduserte utgifter til livsopphald for flyktningar (sosialtrygd) skal bidra med halve kuttet innan helse og omsorg. Samstundes vert det føreslege å kutta ein stilling ved bu- og omsorgssenteret.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s