Feil område å kutta i – SV med alternativt budsjett i Øygarden

Kutt heller i Sykkel VM og konsulentbruk, og la politikarane ta med matpakke på dei politiske møta, tilrår SV i Øygarden i eit alternativt budsjettframlegg.

Aud Karin Oen kjempa innbitt for at Øygardsstrilen skulle få seia meininga si om ei kommunesamanslåing i ei folkerøysting.
Aud Karin Oen er klar til å leggja fram eit alternativt budsjettframlegg på vegne av Øygarden SV.

– Øygarden har hatt eit romsleg budsjett, men dette vert heilt feil område å kutta i, seier Aud Karin Oen til Tunnelsyn.no. SV si førstedame i Øygarden er sterkt uenig i rådmann Siri Fahlvik Pettersen sine framlegg til kvar sparekniven skal skjera i budsjettet for neste år.

Les: Sliper KOSTRA-kniven

Øygarden SV kjem til å leggja fram eit alternativt budsjettframlegg i forkant av behandlinga i kommunestyret seinare i desember, lovar Aud Karin Oen.

Oen har gått gjennom den førebelse rekneskapen for heimkommunen for 2016, og merka seg eindel store utgiftspostar kommunen heller bør gjera noko med, framfor å kutta i skule, barnehage og helse og omsorg.

Sykkel VM
Sykkel VM er ein opplagt post å kutta i, sett med SV sine auge. Partiet har heile tida stemt mot at Øygarden skal løyva heile 4,45 millionar kroner til ulike tiltak i tilknyting til det globale sykkel-arrangementet.

– Løyvinga bør reduserast til 150.000 kroner, og begrensa seg til å omfatta det lokale kulturarrangementet her i Øygarden. Slik det no er, er Øygarden den største offentlege bidragsytaren til Sykkel VM, utanom Bergen, og det vert feil, hevdar Oen.

Konsulentbruk
Ein liten kommune som Øygarden manglar eigne tilsette med spesialkompetane på mange felt, til dømes har dei ikkje eigen kommuneadvokat. Dette fører til at konsulentkostnadane på eindel felt vert langt høgare enn naudsynt, ifølgje Oen.

Øygarden vil i år bruka 4,4 millionar til konsultettenester innan drift. Ein kritisk gjennomgang her vil kunna redusera kostnadane med to – tre millionar, meinar Oen.

På investeringssida kjøper kommunen konsulenttenester for heile 12 millionar kroner. 8,3 millionar av dette er byggetekniske tenester. Kor stor gevinsten kan verta her, er ho førebels usikker på.

Sats på eigne tilsette
– På Rong skule kom konsulenten opp med eit kostnadsoverslag. Tre månadar seinare var kostnaden dobla. Det skulle eg også ha klart, konstaterer Oen.

– Noko konsulentbruk slepp ein ikkje unna på område der kommunen manglar eige personell. Øygarden bør likevel så langt råd satsa på eigne tilsette, gje dei nye oppgåver, opplæring og meir ansvar, hevdar SV sin einaste representant i kommunestyret.

Vikarbruk
Kommunen sine utgifter til vikarar i skule, barnehage og helse- og omsorg endar i år på 1,4 millionar. Ved å byggja opp ein vikarpool, med fast tilsette som kan gjera seg kjende med dei ulike institusjonane, vil Øygarden både auke kvaliteten på tenestene samstundes som kostnadane går ned, argumenterer Oen.

Elbil-park
Investering i ein kommunal elbil-park, til erstatning for dagens bensinbilar, vil kunne redusera dei offentlege utgiftene med 300.000 – 400.000 kroner, meinar Oen.

Politikargodgjersle
I vår vedtok kommunestyret å auka godtgjersla til politikarane med 700.000 kroner. Det var unødvendig, meinar Oen. I same omgang foreslår ho å kutta subsidiane i den kommunale kantina og servering av gratis mat til møter i folkevalde organ.

– La dei folkevalde ta med matpakke til dei politiske møta, oppfordrar Aud Karin Oen i Øygarden SV framfor dei kommunale budsjettforhandlingane seinare i desember.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s