– Legg vassleidning til Europa

Naturressursane gav grunnlag for norsk velstand lenge før olje og gass. Slik kjem det også til å vera etter olja. For å få det til bør Norge satsa på fiskarar og bønder.

Fiskarar og bønder er ekspertar på utruleg mange område, rosar økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten.
Fiskarar og bønder kan dette med handtering av naturressursar, og dei er ekspertar på utruleg mange område, rosar økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten.

Det hevdar i alle fall professor Ola Honningdal Grytten ved NHH. I dag var han henta inn av Senioruniversitetet Øygarden og Sotra til å orientera om dei historiske trendane i norsk økonomi, og kva vi skal leva av etter olja.

Norsk velstand
Norge var meir velståande enn Sverige heilt til 1905, og i 1980 passerte vi igjen nabolandet i brutto nasjonalprodukt per innbyggjar, hevdar Grytten som har analysert den norske nasjonalrekneskapen frå 1830 og fram til i dag.

Det er naturressursane som har gjeve grunnlag for velstanden; landbruk, fisk, tømmer, skipsfart, vasskraft og no olje og gass. I motsetnad til dei fleste andre råvarenasjonar har vi likevel klart å fordela godane demokratisk.

Les: Strippa modellen – Victor Normann om den skandinaviske velferdsmodellen

Utkant i det britiske imperiet
Skipsfartsnasjonen Norge har lange tradisjonar for eksport, særleg av fisk og tømmer. For ein vestlending på 1800-talet var reisa over til marknadane i Storbritannia langt kortare og vanlegare enn reisa over fjella til Oslo, særleg vinters tid.

-Vest-Norge var ein ytterkant i verdas største imperium. Vi var del av den framste økonomen i verda. Britiske pund var gagnbar betaling på butikkane på Vestlandet, hevda Grytten.

Synkande oljeinntekter
Norsk BNP per innbyggjar er framleis høgast i Europa, sjølv om det private konsumet ikkje er tilsvarande høgt.

Norsk oljeproduksjon nådde toppen i 2004. Aukande produksjon av gass sørgjer for å halda volumet oppe, samstundes som inntektene går ned som følgje av lågare oljepris.

– 50 dollar fatet er riktig oljepris, ut frå ein historisk trend, hevdar Grytten.

Tappar oljefondet
Inntil fire prosent av avkastninga av oljefondet kan brukast i den norske økonomien, ifølgje handlingsregelen. Det gjev oss 320 milliardar ekstra å rutta med i Statsbudsjettet for dette året, tilsvarande fjerdedelen av totalsummen. Overvurdering av oljeinntektene har likevel ført til eit underskot på Statsbudsjettet for 2016, og underskotet kan verta enno større, åtvarar økonomen.

Solnedgangsscenario
– Naturressursane er ikkje lenger nok til å oppretthalda den norske velstanden, vi kjem til å oppleva eit velstandsfall også i Norge, åtvarar Grytten.

Økonomiprofessoren skisserer eit nedgangsscenario: Arbeidskostnadane må reduserast med 40 prosent skal vi kunna konkurrera med land som Sverige og Polen. Krona vil verta svekka, og vi vil få oppleva kutt i velferdsordningar som pensjonar, sjuketrygd og dagpengar. Mange offentlege tenester vil verta privatiserte, og må finansierast med privat finansiering.

Konkurransefortrinn
Grytten ønskjer likevel ikkje å svarmåla situasjonen:

– Norge har naturressursar, vi er innovative og har høg kompetanse. Utviklinga av offshoreteknologi og annan maritim og marin teknologi har gjeve oss eit konkurransefortrinn, hevdar han.

– Å ta vare på miljøet vert viktig i denne prosessen. Vi kan ikkje forureina fjordane våre med utslepp av kjemikalier og avfall, understrekar Grytten.

Vassleidning til Europa?
– Vi bør utnytta område der vi har komparative fortrinn og humankapital som kan ta naturressursane våre vidare. Når vi kan leggja gassleidningar til Europa, kvifor ikkje samla litt av det regnet som fell her i Bergen og senda det i rør til Europa? spør Grytten.

Kostnadane med norsk arbeidskraft tilseier at ei eventuell vidarearbeiding ikkje bør skje her heime, men i mottakarlandet.

Les: Forsvarar naturinngrep

Fiskarar og bønder
– Det er ikkje politikarar eller økonomar som skal avgjera kva Norge skal leva av etter olja. Det må marknaden avgjera, åtvarar Grytten.

– Fiskarar og bønder i dag er ekspertar på utruleg mange område. Dei har lenge gått framfor når det gjeld innovasjon og innovasjonshastighet, og slik vil det også vera i framtida, hevdar økonomiprofessoren ved NHH.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s