Øygarden styrer mot Tour de Kyst

Ei forlenging av båtruta frå Hellesøy til Hernar og vidare over Fensjorden til Fedje vil opna for marknadsføring av dei nordvestlegaste øyane i Hordland som ein Tour de Kyst.

FjordExpress gjer unna turen frå Hellesøy til Hernar på 15 minutt.
Vind i håret! FjordExpress gjer unna turen frå Hellesøy til Hernar på 15 minutt. Turen over Fensfjorden til Fedje tek 25 minutt.

Spørsmålet om korleis få fleire turistar til å oppleva øyane langs Hordalandkysten, har lenger vore eit tema for turistnæringa i Bergensområdet.

Rundturar

Innsiglinga til hamna på Hernar.
Innsiglinga til hamna på Hernar.

Ei forlengjing av den noverande båtruta frå Hellesøy til Hernar og vidare over Fensfjorden til Fedje vil opna for fleire rundturar i den ytterste skjærgarden med Bergen som utgangspunkt.

Les: Veit du kvar Rubbegarnståna fyr er?

Turane kan leggjast opp som ein kombinasjon av buss og hurtigbåt, eller sykkel og båt. For dei som ønskjer å bruka fleire dagar på turen finst det overnattingstilbod mellom anna på Sotra, i Øygarden, på Fedje og i Austrheim.

Engasjement

Denne sørlandsidyllen ventar dei tilreisande på Hernar.
Denne sørlandsidyllen ventar dei tilreisande på Hernar.

Engasjementet var nærast til å ta og føla på då formannskapet i Øygarden vedtok å løyva midlar til å forlengja den noverande båtruta frå Hellesøy til Hernar vidare til Fedje i sommarsesongen.

Desse øyperlene bør fleire få oppleva, var formannskapet samde om.

– Vi kan få ein Tour de Kyst, på same måten som vi no har Tour de Fjords. Rart vi ikkje har hatt eit slikt tilbod for lenge sidan, akklamerte Silvia Haugland (TVØ).

Les: Opplev Nordsjøhagen

Treårig prøveprosjekt
Tidlegare har planane stranda på manglande midlar frå fylkeskommunen, men no er det hinderet rydda av vegen.

Det vert lagt opp til eit treårig prøveprosjekt i sommarsesongen. Kommunane sin del av kostnaden med ei båtrute Hellesøy – Hernar – Fedje tur/retur to gongar i veka vert kalkulert til 150.000 kroner årleg.

Øygarden vedtok å ta på seg kostnaden for Øygarden, Fjell og Sund, totalt kroner 75.000 årleg.

Hellesøy
Øygarden har ikkje kome fram til semje om gjennomføringa av planane for utbetring av hamna og kaiområdet på Hellesøy.

4 Comments

  1. Det ligg og pengar i budsjettet frå fleirtalet på fylket til dette.

    beste helsing

    Aud Karin Oen

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s