Treng meir tid til KOSTRA-kutt

Organisasjonen si lunkne mottaking av forslaget om store kostnadskutt til skule, barnehage, helse og omsorg i Øygarden fekk formannskapet til å venta med å ta fram sparekniven.

Ja-ordførar Børge Haugetun fekk støtte frå Silvia Haugland og Inger Margrethe Toft. Espen Harkestad seier nei, og Atle Dåvøy stemte blankt.
Formannskapet i Øygarden utset diskusjonen om kostnadskutt på 12 millionar til over nyttår.

I samband med kommunesamanslåinga må Øygarden ta ned driftsutgiftene til same nivå som Fjell og Sund.

Les: Sliper KOSTRA-kniven

At det er rom for å spara pengar på Øygardsbudsjettet, er medlemmane i formannskapet ikkje i tvil om.

Korleis det skal gjerast, og kvar kutta skal skje, bør ein likevel gjera ein grundigare jobb på, er dei samde om.

Les: – Feil område å kutta – SV med alternativt budsjett

Notatet som rådmann Siri Fahlvik Pettersen hadde utarbeidd til formannskapsmøtet viser muligheter, men er lite detaljert. Det at det er eit notat, og ikkje ei sak med konkrete framlegg, talar og for at ein går ein runde ekstra i organisasjonen før ein gjer konkrete vedtak, meinte formannskapet.

Espen Harkestad (A) var særleg mot kutt i skule og barnehagar.

-Når vi skal spara, vil det gå ut over nokon. Ved å gå inn i ein prosess, kan vi kanskje gjera ting annleis, men likevel oppnå same resultatet, innvende Atle Dåvøy (KrF).

Ulempen ved å utsetja behandlinga til over nyttår, vert at ein ikkje får like stor utteljing for 2017. Til gjengjeld vil ein leggja grunnlag for innsparingar i 2018 og 2019.

-Politikarane har ei oppgåve med å formidla kvifor vi gjer dette, meinte Dåvøy.

-Å skru ned temperaturen i bassenget er eit einkelt vedtak. Vi bør starta med å plukka dei lågthengjande fruktene, som å vera meir nøkterne med å senda tilsette på konferansar, sa rådmann Siri Fahlvik Pettersen.

– Vi må få formidla at dette er noko vi gjer for etterkomarane våre, la Fahlvik Pettersen til.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s