Strilane skal verta digitale

Fjell får 40.000 kroner frå Kommunal og moderniseringsdepartementet (KMD) til å hjelpa innbyggjarane til å koma på nett. Askøy og Øygarden får 30.000 kroner kvar.

Kanalar inn til departementa, Anita Garlid Johannessen.
Kanalar inn til departementa, Anita Garlid Johannessen.

Det var Anita Garlid Johannessen (FrP) som fortalte dette under dagens møte i den Førebuande Forhandlingsnemnda for ny kommune.

Retteleiing
Pengane skal gå til å vidareutvikla kommunane sine rettleiingstilbod ovanfor innbyggjarane. I Fjell er det Fjell folkeboksamling som får pengane.

Biblioteka
– Biblioteka vert nytta av innbyggjarar i alle aldrar, og er ein godt eigna stad for rettleiing, også for innbyggjarar som ønskjer å verta digitale og kommunisera med kommune og stat via internett, seier Johannessen.

Hindra digitalt klasseskilje
Nær 400.000 nordmenn strevar med å ta i bruk digital teknologi. Meir enn dobbelt så mange kan ha problem med å kommunisera digitalt med det offentlege.

For å unngå at det oppstår digitale klasseskilje, løyver Kommunal og moderniseringsdepartementet no totalt to millionar kroner til 48 kommunar som vil bli betre på å hjelpa innbyggjarane til å koma på nett, framkjem det av ei pressemelding frå KMD.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s