Kleppestø kan få båtavgang kvart kvarter

To snøggbåtar, avgang kvart kvarter og kapasitet til å frakta 300 passasjerar i timen, kan verta resultatet av den nye tilbodsrunden på snøggbåtsambandet Kleppstø – Bergen.

teisten
Snøggbåten mellom Kleppestø og Bergen er blitt motteke med opna armar. Sambandet hadde ein auke i passarsjertalet på 34 prosent berre i 2015, og i år har mange opplevd å verta ståande att på kaien.

Ordførar Terje Mathiassen (A) og rådmann Eystein Venneslan i Askøy er blitt bønhøyrte. Tidlegare i haust sende dei brev til Hordaland fylkeskommune med oppfordring om å auka kapasiteten på snøggbåtsambandet mellom Kleppestø og Bergen.

Auka kapasitet
Når fylkeskommunen no lyser ut snøggbåtsambandet Kleppestø – Bergen for treårsperioden frå 2018 – 2020, vert det lagt opp til å auka kapasiteten til 300 passasjerar i timen, ifølgje ei pressemelding frå Hordland fylkeskommune.

Det vert opp til tilbydarane om dei vil løysa oppdraget med ein stor båt med avgang kvar halvtime, eller med to mindre båtar med avgang kvart kvarter.

Les: Båt – rimeleg alternativ til nytt Sotrasamband

Raskaste vegen
Med ei reisetid på 15 minutt, er nøggbåten raskaste vegen mellom Kleppestø og Bergen sentrum.

Asketappane må likevel vera tidleg ute, skal dei sleppa stå att på Kleppestø når båten legg frå kai. Trafikken over Askøybrua nærmar seg kapasitetsgrensa, og på Bergenssida står køane. Eit samrøystes kommunestyre stod bak henvendinga til fylkeskommunen.

Dekka behovet?
Innbyggjarane i Askøy har teke mot snøggbåttilbodet med opne armar. Sjølv erkebilisten og bompengemotstandarden Roar Steinseide (FrP) er villig til å parkera Teslaen på Kleppestøkaien, så framt han berre slepp ombord i snøggbåten.

Eit interessant spørsmål vert difor korvidt den prognostiserte kapasitetsauken kjem tidleg nok, og om han vil vera stor nok til å dekka behovet.

Knarvik – Frekhaug – Bergen
Kapasitetsauke vert det også lagt opp til på strekkja Knarvik – Frekhaug – Bergen. I åra fram til 2023 vil det verta ein auke i trafikkveksten på 10 prosent, føreser Hordaland fylkeskommune. Her vil det vera naudsynt å auka kapasiteten om bord frå dagens 180 passasjerar til 200 passasjerar.

Samla tilbod
Rederi som ønskjer å leggja inn bod, må tilby ei løysing for begge sambanda, krev Hordaland fylkeskomune.

Advertisements

4 Comments

  1. Det må være opp til brukerne om de ønsker anløp hvert kvarter, som krever 2 båter. Å overlate til tilbydarne er alt for passiv holdning og viser at brukerne ikke tas på alvor. Det er nå politkerne må bestemme om de ønsker å etablere bybane på sjø, og øke bruken av det blå kollektivfeltet.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s