Bergen på digital friarferd

Bergen ønskjer å få nabokommunane med på utvikling av digitale standardløysingar som kan bidra til effektiviseringa av offentleg sektor.

Robert Rastad
– Dette klarar de ikkje løysa på eiga hand. Tenk standardløysingar. Vi i Bergen synes det er spanade å jobba saman med dykk om utvikling av nye standardiserte IT-system for offentleg sektor, seier kommunalråd Robert Rastad i Bergen.

– De har ein unik sjanse til å starta på nytt, utan å måtta bekymra dykk om kva de har i dag, helsa kommunaldirektør Robert Rastad og leiar for digitalisering og innovasjon Kjetil Århus i Bergen kommune då dei før helga møtte medlemmane i den førebuande fellesnemnda som skal losa Fjell, Sund og Øygarden saman til ein kommune.

Vil vera i tet
Bergen, heimkommunen til statsminister Erna Solberg og næringsminister Monica Mæland, har, saman med Oslo, teke på seg utfordringa med å leia an når norske kommunar skal digitaliserast.

Ikkje det at datasystem akkurat er noko mangelvare i norske kommunar. Største problemet er at mange fagsystem er lite flinke til å snakka saman, og fungerer som isolerte øyar. Framleis er det også mange offentlege oppgåver som ikkje er digitaliserte.

Les: Vil læra av dei beste

– Stortingsmelding 27, Digital Agenda, har løfta digitaliseringa opp på den politiske agendaen, etter at det lenge å ha vore noko sært berre IT-nerdar har vore opptekne av, hevda Århus.

Vekk med siloane
Det manglar ikkje på oppgåver, sett frå Bergen sin ståstad. Å få utvikla standardiserte løysingar, basert på nasjonale ”byggjeklossar” som sikker ID, digital postkasse og med overføring av rapportar direkte i Altinn, er den overordna strategien Bergen arbeider etter. No inviterer dei nabokommunane til å delta i høgttenkjinga.

– Kommune-Norge slit med at statlege aktørar jobbar i kvar sine siloar. Vi klarar ikkje å samordna dei mange datasystema, utdjupa Århus.

Treng regional tilnærming
NAV, Husbanken, Politiet, Kystverket, Skatteetaten og helsesektoren. Det finst i dag mange eksempel på interessant tenkjing på nasjonalt nivå. Her skjer digitaliseringa med stor kraft. men det er langt mellom dei gode eksempla på regional tilnærming.

Brukarorientert?
Målsetjinga no – som i fleire tiår tidlegare – er å utvikla sokalla brukarorientere dataløysingar. System som fungerer slik brukarane forventar i staden for å vera bygde opp på grunnlag av organisasjonskartet.

Kommunane er ulike. I Bergen meinar dei likevel at ein nærmar seg ei god tilnærming på korleis overvinna forskjellane: Om du spør brukarane i ulike kommunar, vil dei gje om lag same svara på korleis dei vil ha det, ifølgje Århus.

Påverka Staten
– Om kommunane får til å standardisera prosessane, vil vi kunna påverka korleis Staten fungerer, hevda Århus.

Føresetnaden er at kommunane opptrer samla:

– Vi kan ikkje halda fram med å gjera ting på 400 ulike måtar. Vi treng standardløysingar. Nokon må ta vala på vegne av fellesskapet, argumenterte Århus.

Les: Grindgut tok 10 millionar frå bilistane i bomringen

Ryddejobb på bakrommet
Dei kommunale dataavdelingane har også ein ryddejobb å gjera på bakrommet. Det finst i dag ei rekkje ulike dataløysingar for mellom anna sakshandsaming, personaladministrasjon og innan helsesektoren.

I Oslo har dei alt teke fatt på oppgåva.

Les: Rekordavtale til Acos

Overvinna dataskepsis
Digitalisering til trass – dei årlege portoutgiftene i Bergen kommune utgjer framleis 50 millionar kroner. No skal det verta slutt på at kommunalt tilsette brukar tid på å klistra frimerkjer på brev til innbyggjarane. I staden jobbar dei for å få bergensarane til å overvinna skepsisen til bruk av digital kommunikasjon. Aukar bruken av elektronisk postkasse, vil det anstrengte kommunebudsjettet få frigjort hardt tiltrengte kroner til andre føremål.

– Offentlege fordommar om digitalisert modehet er noko av forklaringa. Spør heller kva som vil vera innbyggjarane sitt førsteval, sa Århus.

– De må tørra å ta nokon kanalval, og verta meir tilgjengelege i digitale kanalar. Som ny kommune bør de spørja kva som vil vera førstevalet til innbyggjarane, råda han.

1,5 milliardar
Staten har sett av 1,5 milliardar til systemutvikling i kommunane dei komande fire åra. Skal vi tru Rastad, vert dette for eit musepiss i havet å rekna samanlikna med behovet.

–  Dette klarar de ikkje å løysa på eiga hand. Tenk standardløsingar. Vi i Bergen synest det er spanande å jobba saman med dykk, oppfordra kommunaldirektøren.

Bergen har alt vore i kontakt med Lindås, for å få til eit tilsvarande samarbeid med dei.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s