Eit digitalt fyrtårn i vest?

«Nye Øygarden» har visjon om å vera eit fyrtårn, men omfatter visjonen også digital innovasjon? I den førebuande fellesnemnda er reaksjonane på Bergen sitt digitale frieri delte.

Bjorøy ligg midt i traseen for helikoptertrafikken. Vert Avinor sitt forslag til nye ruter vedteke, vil ordførar Marianne Bjorøy i Fjell framleis få helikoptera over hustaket.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) i Fjell helsar eit digitalt utviklingssamarbeid i Bergensregionen velkomen.

– Nye Øygarden har som målsetjing å vera eit fyrtårn når det gjeld ny teknologi. Når de attpåtil nemnar Nordhordland, så er de nesten i mål, laud ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) sin umiddelbare respons på det digitale frieriet frå regionhovudstaden.

Les: Bergen på digital friarferd

Finansiering?
– Det er sjeldan eg møter Bergen så tydeleg på seljaren. Dei ønskjer ikkje snakka om finansiering, men eg er overtydd om at det i neste omgang vil verta spørsmål om å leggja pengar på bordet, supplerte ein meir nøktern varaordførar Tom Georg Indrevik (H) i Fjell.

– Det må koma eit nasjonalt såkornfond som kan finansiera denne typen kommunale utviklingsprosjekt, opplyste kommunaldirektør Robert Rastad i Bergen.

– Det er ikkje sikkert det vert mindre einkelt å gå frå tre til ein kommune. Og kva med dei eldre? Vi vert nøydd til å ta eindel tøffe val, supplerte ordførar Børge Haugetun i Øygarden. Han syntes oppfordringa om å starta på nytt hørtes freistande ut.

Treng digital rettleiing

Svein Bergh (SL) forstår lite av digitaliseringa.
Svein Bergh (SL) forstår lite av digitaliseringa.

– Eg har ikkje fått med meg ein tiandepart av det de har snakka om her, og det trur eg ikkje de har heller, utfordra Svein Bergh (SL).

– Fjell får 40.000 frå Kommunal og moderniseringsdepartementet for å styrka biblioteka sin digitale rettleiingsfunksjon ovanfor innbyggjarane, kunne Anita Garlid Johannessen opplysa.

Les: Strilane skal verta digitale

Mandat
I første omgang strekk mandatet til den førebuande fellesnemnda berre til å kartleggja kva som finst av digitale løysingar i dei tre kommunane.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s