Fjell på den nasjonale bustadtoppen

Fjell ein av dei kommunane i landet med flest bustadar til sals.

Dette prosjektet på Kolltveit har fem leilighetar til sals. Ein er seld. Foto: Eide Boligutvikling AS.
Ei bustadbygging på skinner har ført Fjell opp til ein 8. plass i nasjonal samanhang, ut frå talet på bustadar til sals. Illustrasjon: Eide Boligutvikling AS.

Gravemaskinene har lenge jobba overtid i Fjell. Tunnelsyn har det siste halvanna året følgt den lokale bustadmarknaden tett. I desember samanliknar vi tilbodet på den lokale bustadmarknaden med situasjonen på landsbasis.

På 8. plass
Det er for tida 194 bustadar til sals i Fjell, ifølgje Finn.no.

Ein gjennomgang av tilbodet i samtlege norske kommunar, viser at Fjell havnar på ein åttandeplass i Norge vurdert ut frå talet på bustadar til sals, om vi ser vekk frå dei største byane.

Les: Dobbelt så mange bustadar til sals i Fjell som i Askøy.

På topp i Hordaland
Rogaland skil seg klart ut som det fylket i landet som har flest bustadar til sals. Hordaland havnar på ein andreplass, klart framfor pressområdet Akershus.

Fjell er einaste Hordaland-kommunen som stikk seg fram i nasjonal samanhang.

Forventing om folkevekst
Utbygginga i Fjell skjer i forventing om ein eksplosjon i folkeveksten. Heile 160 av dei 194 bustadane er nybygde, eller prospekt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s