Kommune fekk stengd kritisk nettside – søkjer medlemskap i Transparency International

For få år sidan sytte Fjell kommune for å stengja ned den kritiske nettsida til Frank Bjelland. No vil kommunen søkja medlemskap i Transparency International.

Søknaden om medlemskap i den norske avdelinga av antikorrupsjons- og ytringsfridomsorganisasjonen Transparency International (TI) er ei av sakene til morgondagens møte i kommunestyret i Fjell.

Søkjelys på manglande openheit
Ifølgje vedtektene skal Transparency International motarbeida alle formar for korrupsjon, og misbruk av stilling og posisjon. I Norge skal dei setja søkjelys på manglande openheit og korrupsjon i næringsverksemd, kommunal og statleg forvaltning og politikk.

Mangeårig grensetvist
Frank Bjelland har i mange år kjempa mot Fjell kommune for å få endra det han meinar er ei feilaktig plassering av eit av grensemerkja til eigedomen sin på Anglevik.

Fjell kommune på si side nektar for at noko gale har skjedd.

– Forvaltningskulturen i delar av Fjell kommune har utvikla seg slik at den gjer ein ingen feil, hevdar Bjelland.

Saka skal opp i retten i januar.

Lurt av Fjell kommune
I desperasjon etter å få merksemd for sine standpunkt, har Bjelland tydd til ulike PR-tiltak, mellom anna oppretta han nettsida lurtavfjellkommune.net.

Stengte kritisk nettside
I 2012 sytte Fjell kommune, ved kommunedvokat Dag-Heine Bjørndal, for å få stengt nettsida under påskot av at sida var eit personangrep på ein av kommunen sine tilsette.

Då Bjelland oppretta ei ny nettside med same tittel, men med ein annan nettleverandør, henvende kommuneadvokaten seg til den nye nettleverandøren i forsøk på å få stengt denne sida også.

Redigert innhald
Den nye nettsida er framleis oppe å står, men med eit sterkt redigert og redusert innhald samanlikna med den opphavelege versjonen.

Sida har no dessutan fått eit ”?” bak tittelen ”Lurt av Fjell kommune”. Det er gjort for at lesarane skal kunna danna seg si eiga meining, ifølgje Bjelland.

Nytt kommunestyre
Sidan 2012 har Fjell fått nytt kommunestyre og ny ordførar. Rådmann og kommuneadvokaten er dei same.

Det var Monica Alvheim (MDG) som alt i første komitemøtet etter valet i 2015 fremma forslaget om å søkja medlemskap i Komite for Drift og forvaltning.
Vi fremma forslaget for å visa innbyggjarane i Fjell at vi ønskjer openheit og tek avstand frå alle formar for korrupsjon og misbruk av stilling og posisjon. Vi ønskjer å fremma ansvarlegheit og integritet så vel i privat og offentleg sektor som i sivilsamfunnet, grunngjev Alvheim forslaget i ein epost til Tunnelsyn.no

Ein samrøystes komite står bak saka som no kjem opp i kommunestyret.

– Tilfredstiller krava
I saksinnstillinga skriv rådmann Steinar Nesse at Fjell kommune alt tilfredstillar storparten av dei formelle krava til medlemskap i den internasjonale antikorrupsjons- og openheitsorganisasjonen Transparency International.

Kommuneadvokat Dag-Heine Bjørndal på si side fremma nyleg ei høyringssak i den same komiteen om at Forvaltningslova bør verta tydelegare på kva som skal til for at eit offentleg vedtak skal kjennast ugyldig. Han etterlyser også ein definisjon på kva som er myndighetsmisbruk.

Les: Kommuneadvokaten vil tetta hol i Forvaltningslova

På randa av konkurs
Den mangeårige striden har kosta Bjelland store summar i advokatbistadand, og har ført han nærast til randa av konkurs. På heimesida si ber han om økonomiske bidrag til å få dekka kostnaden til den føreståande rettsaka.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s