På’an igjen for Torbjørn Lie

Torbjørn Lie er på banen for å vinna. Han lar seg ikkje stoppa av at han sist veke måtte gå den tunge vegen til skifteretten og melda oppbud for Lie Overflateteknikk AS.

Torbjørn Lie. Lie Overflate AS
Torbjørn Lie vil halda fram med korrosjonsbeskyttelse og overflatebehandling i det nye selskapet Lie Overflate AS.

Sist fredag vart konkursvarselet for Lie Overflateteknikk AS registrert i Brønnøysund.

Då hadde den nye verksemda Lie Overflate AS alt rukke å verta tre dagar gammal.  Torbjørn Lie har framleis tru på at framtida ligg i korrosjonsbeskyttelse og overflatebehandling. Han vert dagleg leiar og styreleiar i Lie Overflate AS. Den nye verksemda har fått ein startkapital på 300.000 kroner.

Offshorekrisa
Gründerverksemda på Ågotnes dreiv korrusjonsbeskyttelse og overflatebehandling, hovudsakleg av metall, og har følgt dei økonomiske svingningane i offshorenæringa. I toppåret 2014 enda inntekta til Lie Overflateteknikk AS på 47,5 millionar.

Les: Overflatebehandling på skinner

Som bustyrar er oppnemnd Jorunn Moltu Jacobsen.

Tunnelsyn.no har ikkje klart å få kontakt med Torbjørn Lie.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s