Prisa historiar av få ord

Nynorsk er eit godt førsteval når ungdomen skal skildra korleis det er å vera ung på Sotra.

Hans Wilhelm Viksøy og Anna Knutsen med diploma som viser at dei evnar å få fram gode historiar i få ord. Foto: Monica Hovland/Fjell kommune.
Hans Wilhelm Viksøy og Anna Knutsen med diploma som bekreftar at dei evnar å få fram gode historiar i få ord. Foto: Monica Hovland/Fjell kommune.

Vinnarane av skrivekonkurransen ”Å vera ung på Sotra” er kåra. Av dei meir enn 100 bidraga, fann tre ultrakorte historiar i Twitter-format nåde for forfattaren Frode Grytten sitt kritiske jury-blikk.

Det lyd eit skrik over heile Sotra.
Alle stoppar. Jente (14) har ikkje meir mobildata.
1. premie – Hans Wilhelm Viksøy

”Kan du bli min igjen!»
Dei høyrer bølgjene plaske mot kaia,
ho ser på han. «Men denne gongen må du
love å ta meg imot når eg fell for deg.”
2. premie – Anna Knutsen

Gut (18) rånar på Sotra.
Fire nullar på grillen
og ein bak rattet.
3. premie – Jacob Lie Frantzen

Det var elevar ved dei tre ungdomsskulane i Fjell som deltok i konkurransen.

Skrivekonkurransen inngjekk i prosjektet ”Stolt av eige språk”, og det var Jorid Sauei samarbeid med Universitetet i Bergen som hadde ideen.

Les meir om skrivekonkurransen og Frode Grytten sin grunngjeving på heimesida til Fjell kommune.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s