Treårig kontrakt for Atlantic Offshore

Atlantic Offshore AS har forhandla fram ein lønsam treårig kontrakt for ERRV-fartøyet Ocean Tay.

Ocean Tay er eit redningsfartøy bygd i 1992. Foto: Trawlerphotos
Ocean Tay er eit redningsfartøy bygd i 1992. Foto: Trawlerphotos

Ocean Tay er eit redningsfartøy (Emergency Response and Rescue Vessel) som bistår offshoreinstallasjonar.

Rett i nytt oppdrag
Det 24 år gamle fartøyet går rett frå eit langvarig oppdrag for Nexen og til eit treårig oppdrag for det spanske oljeselskapet Repsol og vil få base i Aberdeen, ifølgje dagleg leiar Roy Wareberg i Atlantic Offshore AS.

Wareberg held korta tett til brystet om kva rater dei har klart å forhandla fram. Ovanfor Tunnelsyn.no er han likevel tydeleg på at det restrukturerte offshorerederiet ikkje vil tapa pengar på kontrakten, sjølv om ratene er noko lågare enn då marknaden var på topp i 2014.

Les: Atlantic Offshore seglar vidare

Ocean Tay har til eikvar tid eit mannskap på 15 ombord.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s