Trur landstraum vert lovpålagt – håvar inn Enova-støtte

Coast Center Base AS på Ågotnes og eigarselskapet NorSea Group AS tek for seg av Enova-midlane til innføring av landstraum i norske hamnar. For 85 millionar kroner reknar dei med å kunna bidra til å redusera utsleppa av CO2 med over 45.000 tonn årleg.

Administrerande direktør Kurt Rune Andreassen ved CCB AS auka løna med 370.000 ifjor.
Ved å installera landstraumanlegg til tre riggar i opplag ved CCB, bidreg administrerande direktør Kurt Rune Andreassen til å redusera utsleppa av klimagassen CO2 med 13.500 tonn årleg.

Først ut var forsyningsbasen på Ågotnes. I mai fekk CCB AS 15,6 millionar frå Enova til installasjon av tre landstraumanlegg for riggar. For tre riggar gjennom eitt år inneber det 13.500 tonn i reduserte CO2-utslepp, ifølgje administrerande direktør Kurt Rune Andreassen i CCB AS.

Sidan då har det skjedd ein intern kompetanse-utveksling og læring i NorSea Group som har medverka til full utteljing i denne søknadsrunden.

Spørsmål om tid
Denne veka stakk basane på Mongstad, Kristiansund, Hammerfest, Dusavik og Tananger av med til saman vel 70 millionar av totalt 140 millionar frå same finansieringskjelda.

– Vi trur det er eit spørsmål om tid før landstraum vert lovpålagt og dermed eit tilbod vi må ha på basane våre, seier John O. Næsheim, direktør for forretningsutvikling i NorSea Group AS til Tunnelsyn.no.

Posisjon som forpliktar
– Vi har eit sterkt ønskje om å bidra aktivt til at Norge kan produsera olje og gass på ein mest mogleg miljøvenleg måte i mange år framover. Olje- og gassbransjen har forplikta seg til betydelege kutt i CO2-utsleppa. NorSea Group og CCB er dei leiande aktørane innan forsyningsbaseverksemd i Norge. Det forpliktar oss til å vera i forkant med å ta i bruk ny og miljøvenleg teknologi. Med dette tiltaket vil vi gjera ein forskjell, seier Næsheim.

Licence to operate
– Til sjuande og sist handlar dette om bransjen sin legitimitet, om vår ”licence to operate”, hevdar Næsheim.

Han legg ikkje skjul på at den private hamneaktøren ved å vera i forkant, håpar å oppnå marknadsmessige og omdømemessige fordelar.

Frå diesel til kWh
I dag kjøper skip som ligg til kai diesel frå forsyningsbasane. Heretter skal dei i staden kjøpa kilowattimar.

– Økonomisk spelar det liten rolle for forsyningsbasane korvidt skipa nyttar landstraum eller diesel, hevdar administrerande direktør Kurt Rune Andreassen i CCB.

Oljeselskapa avgjer
Den største spaninga kommersielt, er knytta til kor raskt skip som nyttar basane vert klargjort for landstraum, og om dei vel å nytta seg av tilbodet. Her spelar oljeselskapa ei avgjerande rolle gjennom kva krav dei stiller til båtane dei tek inn på oppdrag, seier Næsheim.

Få skip
Få skip er førebels klargjort for landstraum. I Statoil til dømes, som er ein av NorSea Group sine viktigaste kundar, er det førebels berre åtte av 25 skip som kan nyttiggjera seg det nye tilbodet. Dei øvrige nyttar dieselaggregat. Kostnaden med å klargjera eit skip til å nytta landstraum varierer eindel, men ein halv millionar vil vera ein bra peikepinn, i følgje Næsheim.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s