Soga om då Bildemannen rokka Vegvesenet

Soga om Bildemannen som rokka Vegvesenet stod på trykk i Havstrilen for 2014. Då tidsskriftet visstnok er utseld, har eg fått fleire henvendingar om å publisera historien på nett.

Ingmar Bildøy i sjarken. I bakgrunnen ser vi fyllinga til R 555 og straumbrytaren som spelte ei sentral rolle i striden.
Ingmar Bildøy i sjarken. I bakgrunnen ser vi fyllinga til R 555 over Bildøysundet og straumbrytaren som spelte ei sentral rolle i striden.

Under bygginga av dagens R555 over Nordre Bildøy kom Hordaland Vegkontor til å fylla stein i den historiske kaste- og låseplassen Djupekjello. Etter nærare 20 års kamp og to møte i retten fekk grunneigarane på Bildøy vegvesenet til å utbetra nordre delen av Bildøysundet såpass at det igjen gjekk an å setja steng der. I retten sigra dei over sjølvaste Regjeringsadvokaten.

20141127 havstrilen
Havstrilen er årboka til Nordsjøfartmuseet i Telavåg, Kystmuseet i Øygarden, Kulturminnelaget i Fjell og sogelaga i Sund og Øygarden.

Les: Soga om bildemannen utgjeven i Havstrilen

Det usedvanleg gode fisket i Bildøysundet og Kolltveitosen var med på å leggja grunnlaget for velstanden til oppsitjarane på Bildøy frå historisk tid. Kaste- og låseplassen Djupekjello på vestsida av Nordre Bildøy var ein av dei beste fangstplassane. Her vart det jamnleg stengt store mengder sild og makrell. Det vart også landa kval.

Les: Fanga halve sildekvoten i Straumsundet

Då R555 vart bygd midt på 1970-talet var Bildøysundet ein etablert kaste- og låseplass i Fjell, stadfesta i generalplanen. Fiskarar frå heile kommunen kom til Djupekjello og området rundt for å setja steng. På Bildøy hadde fiskarbonden kome på vikande front i tiåra etter krigen. Profesjonaliseringa av fiskaryrket hadde ført til at det var stadig mindre aktuelt for Bildemannen sjølv å stå for fisket, fortel Ingmar Bildøy. Den pensjonerte grunneigaren og sementfabrikk-gründaren er eit døme på korleis nye yrkesval opna seg og bidrog til å endra levemåten i bygda.

Dette er Ingmar Bildøy si forteljing. Teksten byggjar på korrespondansen mellom grunneigarane på Bildøy, Vegvesenet og andre involverte partar frå 1975 til 1994. Historia kom fram frå gløymsla og fekk ny aktualitet sommaren 2013. Då var Ingmar Bildøy ei av eldsjelene i arbeidet for å trygga Straumsundet for småbåttrafikk i etterkant av utfyllinga til Straume Sjøfront.

Kravde erstatning
På vestsida av Nordre Bildøy vart traseen til R555 lagt på fylling utanfor stranda.

– Den endelege traseen vart ein annan enn den vi hadde avtalt med Vegvesenet. Då veggrunnen vart ekspropiert, var avtalen at vegen skulle leggjast over land. Grunneigarane si oppfatning ved grunnavståinga var at Djupekjello ikkje skulle rørast, fortel Bildøy.

Det viste seg snart at både fiske og ferdsle vart hindra av nyanlegget. Erfarne fiskarar fekk sundrivne nøter og mista fangsten. Leonard Foldnes, ein av dei manntalsførte fiskarane, mista både fangst og not og krevde erstatning frå Hordaland vegkontor. Fiskeriorganisasjonane støtta opp om kravet. Bildøysundet var ikkje lenger eigna som kaste- og låseplass for fisk, hevda dei.

At straumtilhøva var blitt vesentleg endra, forverra situasjonen for fiskarane. Sterk straum førte no båtar og garn rett mot Kolltveitlandet, og ikkje ut sundet som tidlegare. Det låg dessutan eit skjær midt under den nye brua, og enno eit skjær i farleia like nord for brua.

For fiskarar så vel som grunneigarar som ferdast i båt og fiska til eigen middag var situasjonen uhaldbar.

Etter utskiftinga i 1900 var Djupekjello og landområdet innanfor fellesområde for dei seks opphavelege bruka på Bildøy. Grunneigarane såg behovet for eit felles krav om at Vegvesenet måtte utbetra sundet.

– Vi ville ta vare på det vi hadde. Fisket hadde vore ei god inntektskjelde opp gjennom åra. Sjølv om det ikkje var så viktig akkurat då, var det nært nok i tid til at vi såg behovet for å sikra både mat- og inntektsgrunnlag for framtida, seier Bildøy.

Noko medverka det og at han sjølv sommaren han var konfirmant hadde vore med på å setja eit rekordstort steng på 22.000 kilo makrell nettopp i Djupekjello:

– Som mindreårig fekk eg halv mannskapslott. For heile sommaren utgjorde den 650 kroner. Ufatteleg mykje pengar for ein 14-åring i 1950, minnes han.

Videodokumentasjon
Fiskeriinteressene var så viktig at Bildemannen på eit tidleg tidspunkt lukkast i å få fiskeriorganisasjonane, både lokalt og regionalt, med på laget. No var dei mange bak kravet.

Hordaland vegkontor ville i det lengste ikkje høra snakk om problema. Saka måtte heilt opp til høgaste nivå, Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet, før det i det kom til forhandlingar. Slik hadde det seg at sjølvaste Regjeringsadvokaten kom til å føra forhandlingane for Vegdirektoratet.

Tilstanden på sjøbotn måtte dokumenterast. Vegvesenet sende ned dykkarar med videokamera for å ta bilete av den nye farleia og sjøbotn nord for fyllinga. Slik teknologi fantes knapt i Noreg på den tida, så dykkaren med videokameraet måtte hentast frå Holland. Stikk i strid med Vegvesenet sin påstandar, viste opptaka at botnen var dekka av små og store sprengstein. Ikkje rart fiskarane klaga over sundrivne garn og steng.

Opptaka gav grunnlag for å krevja utbetrande tiltak. Sjøbotnen måtte ryddast. Skjæra i farleia måtte vekk, og det måtte lagast ein pir som kunne endra retninga på straumen, konkluderte grunneigarane.

Tiltaka som grunneigarane og fiskeriorganisasjonane kravde vart kostnadsrekna til 397.000 kroner.

Langdryg prosess
No vart det rettsak. Dommen i Midthordland Herredsrett i oktober 1984 slo fast at Staten ved Samferdselsdepartementet var nøydd til å utbetra sundet i samsvar med grunneigarane og fiskeriorganisasjonane sine krav. Arbeidet skulle vera avslutta innan fem månadar. I tillegg vart Staten dømt til å dekka motparten sine sakskostnadar, med 30.207 kroner og fem øre.

– Ikkje tale om, svara Vegvesenet og anka dommen. Grunneigarane kan få ein eingongserstatning for tapet av kaste- og låseplassen. Vegdirektoratet tilbaud ei minneleg ordning: 60.000 kroner, og sakskostnadar dekka inntil 4.000,-

– Klart vi kunne ha sagt oss nøgde med det, om det var pengar vi var ute etter. Men det var ikkje det vi ville. Vi ville ha rydda opp på sjøbotnen, seier Bildøy.

I august 1986 møttes partane igjen i retten. I Gulating Lagmannsrett vart det inngått forlik. Her vart det stadfesta at Staten ved Samferdselsdepartementet var forplikta til å syta for at siglingsleia skulle vera minst 3 meter djup, målt på middel vasstand. Det måtte lagast ein straumbrytar nord for den nye brua, og sjøbotnen utfor vegfyllinga måtte ryddast for sprengstein.

Forliket i Lagmannsretten sette krav til kva tiltak som skulle gjennomførast, likevel drog utføringa av tiltaka ut i tid.

Eit sentralt punkt gjennom heile prosessen var grunneigarane sitt krav om rett til å godkjenna alle planlagde tiltak.

For å spara pengar ville Vegvesenet laga ei fylling som skulle fungera som straumbrytar. Grunneigarane sa nei. Ei fylling ville oppta mykje større plass på sjøbotnen enn ein murt straumbrytar, argumenterte dei. Grunneigarane nekta avstå grunn til ei fyllling. Igjen fekk dei støtte av fiskeriorganisasjonane.

Først i 1994 sa Bildemannen seg nøgd. Då hadde dei fått utbetra alle tilhøva dei hadde peika på, på ein tilfredstillande måte.

Fyllinga til R 555 i innsiglinga i Bildøysundet sett frå nord. Då R555 stod ferdig låg det eit skjær midt under den nye brua.
Fyllinga til R 555 i innsiglinga i Bildøysundet sett frå nord. Då R555 stod ferdig låg det eit skjær midt under den nye brua, fortel Ingmar Bildøy.

Samhald
Fleire av grunneigarane som var med på å starta prosessen i 1977, fall frå undervegs på grunn av alder. At son eller svigerson då skulle overta, var sjølvsagt, fortel Bildøy.

– Det var ikkje mykje diskusjon oss i mellom. Etter utskiftinga i 1900 eigde vi framleis store utmarksområde i fellesskap. Stadig var det noko vi måtte ta stilling til; som offentlege vegar, felles vassleidningar, og liknande. Vi hadde lært oss å stå opp for våre felles interesser ovanfor det offentlege, og vart respektert for å seia frå.

– Vi hadde lært oss å snakka saman, og verta samde. Dei fleste hadde innsett at vi måtte opptre i fellesskap om vi skulle oppnå noko. Om ein bakka ut, fekk vi ikkje det resultatet vi ønska. Ikkje alle var like aktive, men dei bakka ikkje ut. Vi såg at samhaldet gav resultat. Det gav motivasjon for å støtta opp under felles tiltak, seier Bildøy.

Refunderte kostnadar
Kostnadane til advokat fekk Bildemannen i utgangspunktet dekka av forsikringa. Det hører med til historia at dei, då saka vel var over, fekk alle kostnadane refunderte – med renter – av motparten.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s