God Jul!

I år vert jula ei påminning om at noko vakkert kan veksa og trivast sjølv under ekstreme tilhøve.

20161222_lavarose-web
Ein fargeeksplosjon! Djupt raude og gule nyansar mot svart lava.

2016 går inn i historia som roseåret som bokstaveleg talt regna vekk, og det vart langt mellom lyspunkta også på andre område. Å pensla ut detaljane har lite for seg.

Ny start
Difor gler det meg stort å oppleva at ein ny rosesesong alt står i full blomst på sørlegare breiddegrader. Kven veit vel kva den vil bringa med seg?

Denne julehelsinga har eg valt å illustrera med ei djupraud rose som blømer i desse dagar og som visstnok heiter Lava. I alle fall står ho med røtene sine djupt i lavasanden på Lanzarote.

Mirakel i lava
Roser vert oftast omtala som nokre sarte plantar. Denne er eit konkret bevis på at roser ikkje berre er vakre, men at dei også kan vera nøysame og uthaldande. I eit tørrsvidd landskap der det berre fell 200 millimeter nedbør i året, og der vinden tørkar ut den vesle doggen som fell, framstår ho som eit blømande mirakel.

Godt å vita
Når alt kjennes håplaust – vit at det finst rosesortar som kan veksa og trivast sjølv under ekstreme tilhøve, om enn med litt hjelp frå ei kjærleg hand.

Les: Rosedag på Arboretet

Skulle tilfellet ein gong føra deg opp den smale, svingete vegen til Femés, så er maten hos Casa Emiliano like mirakuløs som rosene.

Les: Den kvite ferieøya – førebilete på omsorgsfull stadutvikling

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s