Berga av stearinlys og vedovnar

Sotrastilen ser ut til å ha stått Urd av.

Vedovnar og stearinlys har halde 100-vis av Sotra-strilar varme gjennom timar utan straum som følgje av ekstremveret.
Vedovnar og stearinlys har halde 100-vis av Sotra-strilar varme 2. juledag gjennom timar utan straum som følgje av ekstremveret Urd.

Det at ekstremveret traff land på 2. juledag, ser ut til å ha begrensa skadeverknadane. Dei som ikkje absolutt måtte ut i uveret, har teke det roleg innandørs, skal eg tru rapportane Tunnelsyn.no har motteke.

Kolonnekøyring
Over Sotrabrua var det kolonnekøyring nokre timar i ettermiddag, men alle som hadde ærend på andre sida av brua slapp over – om enn etter litt ventetid, og etter at dei hadde fjerna eventuelle hengjarar, takboksar og andre vindfang som kunne slita seg i den sterke vinden.

Straumbrot
Verst var det kanhende for dei fleire hundre heimane på strekkjene Kolltveit  – Liaskjæret og Fjell – Møvik som var utan straum i timesvis i ettermiddag og kveld.

– Vi har det bra takka vera stearinlys og rikeleg med ved, fortel lesarar eg har vore i kontakt med. Nokon får det heile til å høyrast riktig koseleg, ja beint fram romantisk ut.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s