Gav Kontrollutvalet vide fullmakter

Kontrollutvalet i Askøy får svært vide fullmakter dei komande åra.

Det som skjer på rådhuset i Askøy skal granskast. eit samrøystes kommunestyre gav Kontrollutvalet svært vide fullmakter til å gjennomføra kommunale forvaltningsrevisjonar dei komande åra.
Det som skjer på rådhuset i Askøy skal granskast. Eit samrøystes kommunestyre gav Kontrollutvalet svært vide fullmakter til å gjennomføra forvaltningsrevisjonar dei komande åra.

Kommunelova pålegg Kontrollutvala å sørgja for at det vert utført jamnlege revisjonar av den kommunale forvaltninga. Ein forvaltningsrevisjon inneber at kommunen sin økonomi, produktivitet, måloppnåing og verknad av politiske vedtak vert systematisk gjennomgått og vurdert.

Skjela ikkje til budsjett
I motsetnad til kva som skjedde i Fjell, var budsjett og kostnadar ikkje nokon avgrensande faktor då kommunestyret i Askøy like før jul vedtok plan for forvaltningsrevisjon 2016 – 2020.

Les: Posisjonen tok kontroll over Kontrollutvalet i Fjell

Vedtok Kontrollutvalet si tilråding
Eit samrøystes kommunestyre godkjende tilrådinga frå Kontrollutvalet med ei liste over 12 prioriterte tema som utvalet meinar bør gjennomgåast.

Les: Vil revidera kommuneforvaltninga

Ikkje utventa har investeringar innan vatn og avløp (VA) høgast prioritet.

Les: Vassverksbudsjett på leirgrunn

På dei to neste plassane står PPT og vedtak og spesialundervisning, og kommuneadministrasjonen si saksførebuing og oppfølgjing av vedtak.

Fleire forslag
Dei mange punkta til trass, opposisjonen såg behov for å få granska enno fleire tilhøve. Askøy Eiendomsselskap AS og dei tidlegare Askøy veiene AS bør også reviderast, fremma Roald Steinseide (FrP) forslag om.

Forslaget fall med knappast mogeleg mindretal, 17 mot 18 røyster.

Vide fullmakter
Det treng likevel ikkje vera det siste vi hører om Askøy kommune si handtering av Askøy Eiendomsselskap og Askøy veiene. Kommunestyret sitt vedtak gjev Kontrollutvalet svært vide fullmakter.

Om situasjonen tilseier det, har Kontrollutvalet høve til å gjera sine eigne risiko- og vesentlegheitsvurderingar og avvika frå den vedtekne planen, vedtok eit samrøystes kommunestyre i Askøy.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s