Millionar til idrettslaga

Frivillige lag og organisasjonar kan få kompensert meirverdiavgifta frå Staten. Like før jul var det klart kven som får pengar for fjoråret.

Verken bruken av tippemidlane eller tomtetilhøva i Straume Idrettspark er noko posisjonen ønskjer at Kontrollutvalet skal bry seg med.
Sotra Sportsklubb er den idrettsorganisasjonen i regionen som får største utbetalinga av meirverdikompensasjon.

Eit 50-tals lag i Askøy, Fjell og Sund fekk til saman utbetalt 3,46 millionar kroner i meirverdikompensasjon i denne runden, ifølgje oversikten frå Lotteri- og stiftelstilsynet som administrerer ordninga.

Sotra Sportsklubb
Største einskildutbetalinga gjekk til Sotra Sportsklubb, som fekk tilbakebetalt heile 628.041 kroner i innbetalt meirverdiavgift.

Fotballgruppa til IL Nest-Sotra kan også gleda seg over ei solid utbetaling på 557.126 kroner.

I Askøy var det Askøy fotballklubb som stakk av med største summen, 218.768 kroner.

Sund Sportsklubb fekk utbetalt 180.068 kroner.

481 millionar
Norske idrettsorganisasjonar fekk i denne runden tilbakebetalt til saman 481 millionar kroner dei hadde betalt i meirverdiavgift, ein refusjon på 23,7 prosent, ifølgje Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Pengane vart tildelt i henhald til søknad og rekneskap for 2015.

I Hordaland var det 499 lag som delte på 32 millionar kroner.

Her kan du sjå heile oversikten for Fjell, Askøy, Sund og Øygarden:

Ask Fotball 55122
Ask Friidrett 46280
Askøy Badmintonklubb 11756
Askøy Basketball Klubb 11187
Askøy Bowlingklubb 12922
Askøy Diskgolfklubb 557 557
Askøy Fotballklubb 218768
Askøy Håndballklubb 72675
Askøy Kajakklubb 3 574 3574
Askøy Orienteringslag 7611
Askøy Rideklubb 372
Askøy Seilforening 121710
Askøy Sportsdykkerklubb 1500
Askøy Sportsklubb 40658
Askøy Sykkel- og Triathlonklubb 11722
Askøy Taekwon-Do Klubb 25781
Askøy Turn og Sportsdrillklubb 48911
Erdal Idrettslag 62957
Herdla Golfklubb 62270
Hetlevik Idrettslag 58371
Nordsiden IL Askøy 63600
Ramsøy Idrettslag 38916
Vestsiden-Askøy Idrettslag 122454
 Totalt Askøy 1099674
Bjorøy Idrettslag 9445
Bjorøy Sportsklubb 37808
Cykleklubben Sotra 24822
Fjell Karateklubb 35061
IL Nest-Sotra Fotballgruppe 557126
Nordre Fjell Allianse IL 4741
Nordre Fjell Friidrett 5453
Nordre Fjell Håndball 32537
Nordre Fjell Fotball 125931
Ran Seilforening 60643
Sartor Sportsskytterlag 8162
Sotra Badmintonklubb 31752
Sotra Golfklubb 159143
Sotra Maratonklubb 323
Sotra Motocross Klubb 15732
Sotra Sportsdykkerklubb 5854
Sotra Sportsklubb 628041
Sotra Taekwon-Do Klubb 32642
Sotra Turn og Idrettslag 172523
Sotra Volleyballklubb 13116
Straume Karateklubb 12379
Ågotnes Karateklubb 19379
Ågotnes Traithlonklubb 1942
 Totalt Fjell 1994555
Skogsvåg Idrettslag 45974
Sund Sportsklubb 180068
Telavåg Idrettslag 46215
 Totalt Sund 272257
IL Skjergard 99312

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s