Lesarane har talt – dei aller mest populære sakene i 2016

Stadig fleire finn noko interessant på Tunnelsyn. Nokon saker ”treff” lesarane betre enn andre. Ta deg to minutt tenkjepause: Kva saker trur du vart mest lest på nettavisa i året vi er i ferd med å leggja bak oss?

nytta%cc%8arsrakettar-webNettavisa Tunnelsyn.no har lagt bak seg sitt første heile arbeidsår. Eit særs travelt år – det manglar ikkje akkurat på saker og tema som fortenar ein omtale. Meir enn 450 saker passerte nålauga. Stor variasjon i tema og god geografiske spreiinga pregar dei sakene som gjekk heim hos lesarane våre.

Reiseliv på topp
Den desidert mest leste saka har med kystkultur og reiseliv å gjera, og har opphav frå nabokommunen sør for Sotra – Austevoll. Etter lesartala å døma, er det svært mange som vil følgja oppfordringa frå eigedomsinvestor Inge Halstensen om å

”Dra te Bekkjarvik for ein park!”

Økonomi er viktig
At næringsliv og økonomi er viktig, er ikkje akkurat overraskande. Her i offshorebeltet kom det nok likevel overraskande på mange at fiskeforedlingsverksemda Sekkingstad AS vart første Sotraverksemda som passerte to milliardar i omsetnad. Nyheten spreidde seg som eld i tørr ved på Facebook.

Les: Sekkingstad spratt over 2 milliardar

Lokale ressursar
Mest like populær vart den uventa historia om Røksund-fiskarane frå Bømlo som

”Tok halve sildekvoten i Straumsundet”.

Kjekt at lokal ressurstilgang så og seia i fjøresteinane kan gje grunnlag for små og godt løna arbeidsplassar i primærnæringane.

Godt læremiljø
På fjerdeplass finn vi ein heilt annan type sak med eit ganske anna tema: Ein bekymra pappa på Tjeldstø i Øygarden som vil sikra dottera eit godt læremiljø ved å halda på lærarane på den lokale skulen.

Les: – Stopp lærarflukten frå Tjeldstø skule

Ut frå sakspapira
Ønsket om å nyansera biletet av det som skjer på Straume var årsaka til at Tunnelsyn.no såg dagens lys. Framleis gjev utbyggjarane Tunnelsyn mykje å skriva om. Konfliktane byutviklinga skapar var tema for fleire av dei mykje leste sakene i året som gjekk. I denne samanhangen er det rett å trekkja fram forteljinga om Erik Sakslo i Gjeitevikja som trudde han klaga på ein bod på naboeigedomen og som vart fortald at han skulle få ei tre etasjar høg blokk mindre enn sju meter frå sin eigen husvegg.

Les: Ny Ankerhagen-konflikt på Straume

Tunnelsyn og Facebook sørga for å løfta saka opp frå sakspapira til Komite for plan og utvikling og ut til allmenta. Så vert det opp til politikarar, planleggjarar og utbyggjarar å ta signalet på korleis dei kan medverka til å gjera Straume til ein meir attraktiv stad å bu.

Alle les Tunnelsyn
Stadig fleire av Tunnelsyn sine saker tek av på sosiale media. Både talet på lesarar og talet på oppslag auka gledeleg i året som gjekk. Talet på unike lesarar tilsvarar talet på innbyggjarar i kommunane nettavisa dekkjer.

Takk!
Tusen takk til alle dykk som har valt å dela historiane dykkar med ein lokal mediegründar! Takk også til alle som har tipsa oss og til alle dykk som les oss, sjølvsagt!

Følg oss gjerne inn i det nye året. Frå nettavisa Tunnelsyn skal lesarane framleis kunna forventa det uventa!

Godt Nytt År!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s