Mista dagpengane i julemånaden

Det vart truleg dårleg med pengar til å delta i kjøpefesten for dei åtte Askøystrilane som mista retten til dagpengar i julemånaden. I Sund, Fjell og Øygarden delte dei skjebne med kan hende like mange. 

20170102_kjopefest_webKrisa slo inn over offshorebeltet langs Vestlandskysten med full tyngde hausten 2014. Av dei som var så uheldige å mista jobben på eit tidleg tidspunkt, er det mange som framleis ikkje har klart å få seg nytt løna arbeid.

Dyster lesnad
NAV sine tal for attverande tid av dagpengeperioden for arbeidslause i kommunane vestom Bergen for november er dyster lesnad. Verst er det likevel for dei som brått stod utan inntekt.

Tolv prosent
Tolv prosent, eller 157 av dei 1.315 dagpengemot-takarane hadde fem månadar eller mindre att i dagpengeperioden ved utgangen av november, viser siste oppdateringane frå NAV Hordaland.

Før jul
Av desse var det 12 – 18 personar i våre kommunar som mista retten til dagpengar alt i førjulsvekene. Åtte av dei er heimehøyrande i Askøy, fire i Sund.

I Fjell og Øygarden var det tre eller færre i kvar av kommunane som havna i same kategori, viser tala frå NAV.

Sosial stønad
Dagpengar er ein rettighet alle nordmenn i løna arbeid opparbeidar. Avhengig av inntekt og varighet på arbeidsperioden kan dei som vert arbeidslause få dagpengar i inntil 104 veker. Klarar dei ikkje få seg ny jobb innan den tid, får dei klara seg så godt dei kan, på oppsparte midlar, familie eller – som siste utveg – på sosial stønad.

Under tilrådde satsar
I motsetnad til dagpengar, skal sosial stønad utbetalast av dei einskilde kommunane. Askøy, Fjell og Sund har alle vedteke satsar for sosial stønad som ligg under dei statleg tilrådde satsane.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.