Avgått styreleiar ba om å verta granska

Tidlegare styreleiar Roald Steinseide (FrP) i Askøy Eiendomsselskap AS og Askøyveiene AS ville at Kontrollutvalet i Askøy skulle granska hans eigen innsats.

- Alt vi politikarar gjer må kunna etterprøvast, seier tidlegare styreleiar Roald Steinseide (FrP) i Askøy Eiendomsselskap AS og Askøyveiene AS.
Ba om å verta granska: – Alt vi politikarar gjer må kunna etterprøvast, seier tidlegare styreleiar Roald Steinseide (FrP) i Askøy Eiendomsselskap AS og Askøyveiene AS.

Politikarane i Askøy innvilga Kontrollutvalet svært vide fullmakter då dei før jul behandla utvalet sitt forslag til kva som skal vera prioriterte arbeidsoppgåver fram mot 2020.

Les: Gav Kontrollutvalet vide fullmakter

Trekte grensa
To kommunalt eigde verksemder ville fleirtalet i kommunestyret likevel ikkje ha granska: Askøy Eiendomsselskap AS og det no nedlagde Askøyveiene AS.

Det var Roald Steinseide (FrP), inntil nyleg styreleiar for dei to verksemdene, som kom med forslaget om at dei også burde reviderast.

Samanlikna resultat og kostnadsbruk
Den avgåtte styreleiaren ville ha samanlikna resultat og kostnadsbruk i verksemdene under si eiga leiing, med det dei nye ansvarshavarane oppnår.

Profesjonaliserte styret
I Askøy eiendomsselskap leia Steinseide eit styre samansett hovudsakleg av kommunepolitikarar. I etterkant av valet vedtok det nye fleirtalet i kommunestyret å skifta ut politikarane i styret til fordel for personar med bakgrunn frå byggjebransjen, og frå Hordaland fylkeskommune.

Uheldige bindingar
Askøyveiene vart vedteke lagt ned sist vår. Her er det rådmann Eystein Venneslan sjølv og tilsette i kommunen som har overteke arbeidsoppgåvene, mellom anna med å få på plass ein ny bompengepakke.

– Urovekkjande mange av dei nye har ei eller anna tilknyting til fylkeskommunen, hevdar Steinseide.

-Slike bindingar er uheldig sett i lys av Askøy kommune sin kamp for auka løyvingar til fylkeskommunale vegar på øya, og bør fram i lyset, hevdar FrP-representanten.

Må tola søkjelys
– Alt vi politikarar gjer, må kunna etterprøvast. Vi må tola å få søkjelyset mot oss. Det er ikkje sikkert det vi gjorde var optimalt, men etter ein forvaltningsrevisjon vil vi sitja att med ein rapport som viser kva som var bra og kva som kunne vore betre. Vi ville også kunna sjå om vi er på feil veg, og få indikasjonar på kva som er den optimale løysinga, hevdar Frp-politikaren.

Lagt død
Sjølv om Kontrollutvalet har fått fullmakt til sjølv å ta opp saker dei meiner er viktige, reknar Steinseide med at løpet no er køyrt:

– Det skal mykje til før Kontrollutvalet på eige initiativ tek opp ei sak kommunestyret har stemt ned, seier han.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s