Strilane utset nybilkjøpet

Det pågår ein revolusjon i personbilmarknaden vestom Bergen. Ikkje berre kjøpte innbyggjarane i Fjell, Sund og Askøy færre nye personbilar enn året før. Vi lar oss også freista til å kjøpa heilt andre teknologiar. Størst var salssvikten i Askøy. Berre i Øygarden haldt bilsalet seg stabilt.

VW - på topp i Fjell, Sund og Askøy.
VW – på topp i Fjell, Sund og Askøy.

Oversikten Opplysningsrådet for Veitrafikken har utarbeida for nettavisa Tunnelsyn.no viser at usikkerheten i offshorebransjen i 2016 fekk ringverknadar også for salet av nye personbilar.

Reduksjon på 14 prosent
Strilar busette i dei fire kommunane vestom Bergen vart i fjor stolte eigarar av 1.502 nye personbilar. Det var 137 færre enn i 2015.

Om iveren etter å kjøpa nye bilar svikta, fall talet på bruktimporterte bilar registrerte første gong i Norge enno meir. Importen av brukte bilar vart redusert med nærare ein tredel. Den totale nedgangen i bilsalet i regionen enda dermed på 14 prosent.

Miljømedvitne fjellsokningar
Fjellsokningane kjøpte i fjor 637 nye personbilar – 16 færre enn i 2015.

Miljø verkar vera eit sterkare element når valet av bilteknologi skal avgjerast. Luftkvalitet, svevestøv og datokøyring er noko vi kan forhalda oss til. Stadig fleire fjellsokningar vender no ryggen mot dieselbilar, til fordel for hybrid- og plug-in hybridar.

Størst svikt
Usikkerheten kring framtidige bompengar på Askøybrua ser ut til å ha påverka bilsalet i negativ retning. Den største svikten i nybilsalet var det nemleg asketappane som stod for. 674 nye personbilar i 2016 er heile 114 færre enn året før.

Trekk vi reduksjonen i bruktimporten inn i reknestykket, vart det i fjor registrert heile 250 færre ”nye” bilar i Askøy enn året før.

Salet av nye dieselkøyretøy vart redusert med 41 prosent, men også marknaden for elbilar ser ut til å vera metta. I alle fall vart salet av reine elbilar redusert med 24 prosent. Til gjengjeld har asketappane verkeleg fått augo opp for plug-in hybridane.

Les: Tesla-øya

Sund
I Sund var det talmessige utslaget mindre markant. 115 nye personbilar er åtte færre enn året før.

Kom ikkje å sei at elbil er eit urbant fenomen. Fire av ti nye bilar i Sund i fjor var ein elbil, tilnærma ein dobling samanlikna med året før. Endringa i sundsokningane sine perferansar ramma bensin og diesel om lag like hardt.

Stabilt i Øygarden
Øygarden er einaste kommunen i regionen der bilsalet haldt seg nokonlunde stabilt. Her vart det seld 76 bilar i fjor, samanlikna med 75 i 2015.

38 prosent av nybilane var elbilar. Ei preferanseendring som først og framst skjedde på bekostning av dieselkøyretøya. Hybridbilane er på full fart framover også i Øygarden.

 Sal av nye personbilar 2016 2015
Fjell 637 653
Sund 115 123
Askøy 674 788
Øygarden 76 75
totalt 1502 1639

Les: Utset siste reis

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s