NUF framleis eit alternativ – sjå nyetableringane i Fjell

Fjellsokningane si tru på investeringsverksemd som forretningside er tilbake. På Tunnelsyn finn du informasjon om alle dei 32 nye verksemdene i Fjell i fjerde kvartal i fjor.

For 2016 sett under eitt vart det i Brønnøysund registrert 175 nye verksemder med heimeadresse i kommunen.

Føretrekkjer AS
Askjeselskap med lova sitt minimimskrav til kapital dominerer. Stadig fleire lokale gründarar later likevel til å ha oppdaga at det kan vera greit å ha meir eigenkapital å rutta med i startfasen.

Fasast ut
Det at det berre vart registrert fire einkeltpersonføretak bekreftar tidlegare påstandar om at denne forma for føretak er på veg til å verta historie.

Les: Einkeltpersonføretaka er historie

I håp om å få fleire gründarar til å registrera verksemda si som aksjeselskap, framfor som utanlandskregistrert verksemd, NUF, seinka regjeringa for få år sidan kravet til eigenkapitel i nye aksjeselskap frå 100.000 til 30.000 kroner. Ei av dei nye verksemdene har likevel vald å registrera seg som utanlandskregistrert føretak, utan krav til eigenkapital, og med minimalt innsyn frå norske styremakter.

Nedafor finn du informasjon om selskap, forretningside, namn på gründer, dagleg leiar eller styreleiar, og startkapital.

Aktiv i Høyden Michael Uhlar, arbeid i høgda, sakkunning kontroll, klatreaktivitetar, einkeltpersonføretak

Atlantic Offshore Theta AS, investering i skip og aksjar, Roy Wareberg, 30.000,-

Brattholmen Handel AS, daglegvarehandel, Geirmund Gaulen, 350.000,-

EHI Eiendom AS, eigedomsutvikling, Eirik Haugland, 30.000,-

FC Max AS, investering, Rune Myrseth, 81.000,-

Fresh Nutri AS, produksjon av frukt- og grønsakjuice, Glenn Johannes Smith, 35.000,-

Frobak Holding AS, investering, Frode Andre Bakken, 30.000,-

Gavlen Maskin og Bygg AS, anleggsarbeid, Helge Gavlen, 30.000,-

Giljeholmen AS, næringsverksemd, investering, Idar Kåre Sekkingstad, 250.000,-

Hardex AS, mekanisk arbeid, konsulenttenester, Kjell-Gunnar Vigsø, 30.000,-

Hurtigresp AS, sikkerhetsvurdringar for rederi, Zhizhuang Qiang, 50.000,-

Høgøysundet AS, eigedomsinvestering, Jonny Lokøy, 30.000,-

Jawarun Holding AS, handel og agenturverksemd, Jan Jetmundsen, 30.000,-

Kobbeltveit Gard, eigedomsutleige, song- og musikkoppdrag, Alis Marie Rong, norskregistrert utanlandsk føretak

Kosek AS, næringsverksemd og investering, Odd Kåre Sekkingstad, 250.000,-

KS forskaling v/Kim O Andre Solberg, forskalingsverksemd, tømrararbeid, Kim Oliver Andre Solberg, einkeltpersonføretak

Lemio AS, drift og vedlikehald av programvare, datanettverk, webutvikling, Haakon Daniel Ludvigsen, 30.000,-

Lene Grøvlen, drift av VITA-butikk på kommisjonsbasis, Lene Krutsen Grøvlen, einkeltpersonføretak

Havet si evne til reproduksjon imponerer fiskebåtreiar Peder O. Lie. No planlegg han å kontrahera eit nytt fiskefartøy.
Peder O. Lie vert dagleg leiar for den nye fiskeriverksemda Liafjord AS, som er utskilt frå det eksisterande selskapet Libas AS. Med ei eigekapital på heile 36,8 millionar vart dette klart største nyetableringa i Fjell i 2016.

Liafjord AS, fiske og fangst, Peder Lie, 36.812.898,-

Les: Liegruppen kontraherer nytt fiskefartøy

Les: Sel berre stål, ikkje fisk

Lie Overflate AS, sal av varer og tenester i samband med overflatebehandling av stål, metall og betong, Torbjørn Lie, 300.000,-

Les: På’an igjen for Torbjørn Lie

Liten Blir Stor AS, sal av barne- og ungdomsklede, Aina Moen, 30.000,-

Nye Havdalsvegen 35 AS, eigedomsinvestering og utleige, Bjørn Arve Ofstad, 50.000,-

Pantastic AS, kantine, servering og take-away, Azadeh Nasseri Pour Tosi, 30.000,-

Rørleggermester Monsen, kjøp og sal av røyrleggjartenester, Stig Monsen, einkeltpersonføretak

Salong Vestsio AS, frisør og styling, Birthe Iren Fjørstad, 30.000,-

Ships Equipment AS, produksjon, handel og investering, Berge Andreas Hoshovde, 200.000,-

Solsvik Byggservice AS, tenester og oppdrag innan byggservice, Rune Solsvik, 30.000,-

T. Larsson Holding AS, investeringsverksemd, Tommy Larsson, 30.000,-

Tomorrow Holding AS, investeringsverksemd, Rune Nyland, 30.000,-

Viknaess AS, daglegvarehandel, Jan Ove Næss, 300.000,-

Ågotnes Bilpleie AS, bilpleie, sal av dekk, reparasjon av karosseri, René Gjerstad, 30.000,-

Ågotnes Invest AS, investeringsverksemd, Roald Sekkingstad, 296.000,-

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s