Klagestraum mot NAV Fjell

For andre året på rad toppa NAV-kontoret i Fjell fylkesmannen i Hordaland sin oversikt over klager på sosialhjelp i 2016. NAV Askøy mottok til samanlikning færre enn tredelen så mange klager.

NAV Fjell fekk i fjor 66 klager frå innbyggjarar som var misnøgde med sosiale vedtak.
Fylkesmannen i Hordaland fekk i fjor 66 klager frå innbyggjarar som var misnøgde med sosiale vedtak fatta av NAV-kontoret i Fjell. Det var 12 fleire enn året før.

Livet på sosial trygd er ingen luksus. Talet på sosialklager på vedtak fatta av dei lokale NAV-kontora eksploderte i fjor, framkjem det av ein oversikt frå fylkesmannen i Hordaland.

Eksplosjon
Frå 2015 til i fjor auka klagene hos fylkesmannen med 34 prosent, frå 367 i 2015 til 448 i fjor.

Langt dei aller fleste tilhøva gjaldt økonomisk sosialhjelp.

Fjell på topp
NAV Fjell var det kontoret i Hordaland som fekk flest klager, både i absolutte tal, og per 10.000 innbyggjarar.

Dette var andre året på rad at NAV Fjell toppa klagestatistikken. I fjor kom det inn heile 66 klager på vedtak fatta her. Det var 12 fleire enn i 2015.

NAV Askøy mottok til samanlikning berre 20 klager i fjor. Det er likevel ein auke på 66 prosent samanlikna med i 2015.

NAV Øygarden mottok ingen klager i 2015. I fjor fekk dei heile 12, ifølgje fylkesmannen.

Færre fekk medhald
Om fleire klaga, var det færre som fekk medhald. Berre 13 klager – eller tre prosent – i fjor førte til at dei lokale vedtaka vart heilt eller delvis omgjorde. 50 saker – eller 11 prosent – vart sende i retur til det lokale sosialkontoret til ny behandling.

– Fylkesmannen fann færre feil i dei vedtaka det vart klaga på i fjor, skriv fylkesmannen i meldinga.

Det framkjem ikkje av meldinga korleis klagene som fekk medhald fordeler seg på dei lokale NAV-kontora.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s