Vin frå lava

Vinsmaking er ein sjølvsagt del av ferieopplevinga når du besøkjer Lanzarote.

Dei låge murane vernar vinstokkane mot uttrøkande vind.
Handarbeid i vinmarka. Dei låge murane vernar vinstokkane mot uttørkande vind, men gjer samstundes at alt arbeidet må gjerast manuelt.

Kanariøyane tilhøyrer Spania, men den lokale vinen har gjennomgått ei kvalitetsheving dei seinare åra, og toler godt samanlikning med mykje av det som vert produsert på fastlandet. Spør difor gjerne etter lokal vin til måltidet når du er på restaurant. I likhet med lokale butikkar, kan dei fleste tilby eit utval av tørre, fruktige vinar som er lette å drikka, lette å lika.

Malvasia Volcanica

Frå Bodaga Rubicon.
Frå Bodaga Rubicon.

Mest vanleg er ein lett, tørr kvitvin laga på druetypen Malvasia Volcanica. Øya har også tradisjon for å laga ein søtare kvit dessertvin av Moscatel. Desse siste flaskene er det likevel langt mellom i butikkar og restaurantar. Ein lett, fruktig raudvin laga på Listan Negra vert også produsert.

La Geria

Mange av bodegaene i La Geria er opne for prøvesmakingar. Magnolia Perez Nunes helsar velkomen til Rubicon.
Mange av bodegaene i La Geria er opne for prøvesmakingar. Magnolia Perez Nunes helsar velkomen til Rubicon.

Vinproduksjonen har sitt senter i innlandsområdet La Geria. Fleire av bodegaene i området er opne for entusiastiske vinelskarar som gjerne vil smaka dei lokale produkta, men ver obs på at kvaliteten kan variera.

For gourmetar
Lanzarote har eit fantastisk kjøken basert på rik tilgang på lokale råvarer. Nokre av bodegaene, som Rubicon, har eigen restaurant der gjestane kan prøvesmaka den lokale vinen saman med kortreiste ostar, skinke, olje, tomatar og rettar av vilt eller fisk.

Slike måltid er ei oppleving for gourmetar!

Lava

Ein annan variant av vinmark, der vinstokkane er planta i djupe groper som samlar opp nattedogg og den sparsame nedbøren.
Her er vinstokkane planta i djupe groper som samlar opp nattedogg og den sparsame nedbøren.

Vulkanutbrot på 1700- og 1800-talet dekka store delar av det mest produktive jordbruksarealet på Lanzarote med lava. No freistar lokale bønder å pressa vin ut av lavaen, bokstavleg tala.

Ekstreme tilhøve
Få stadar i verda vert det dyrka vin under like ekstreme tilhøve som på den austlegaste av Kanariøyane. Høg temperatur, lite nedbør og uttørkande vind kombinert med eit jordsmonn som består av lava, gjer vinproduksjon til eit tidkrevjande, manuelt handarbeid med ekstremt låg avkastning.

Entrepenørarbeid
For i det heile å få vinstokkane til å overleva har bøndene vore nøydde til å gjera eit omfattande entrepenørarbeid i vinmarka. Vinstokkane er planta i groper i lavaen eller bak låge, halvsirkelforma murar.

Konstruksjonane har ein dobbelt funksjon. Dei vernar dei krypande vinstokkane mot den uttørkande vinden, og dei fungerer som trakter som samlar opp nattedogg og den sparsame nedbøren.

Pre-phylloxera
Sjølv om vinproduksjon for tida er i vinden, bokstavleg tale, og det pågår eindel nyplanting, er dei fleste av vinstokkane gamle. Då vinlusa aldri fekk fotfeste i lavaen, kan vinelskarane her nyta safta frå pre-phylloxera plantar på eiga rot.

Sjå opp for
Vinmonopolet slapp eindel vinar frå Kanariøyane sist haust. Av dei få vinane frå Lanzrote, er for tida kun ein å få kjøpt i Norge.

Ver obs på at det meste – og dei beste – av vinane frå Lanzarote aldri forlet øya.

Produsentar å sjå opp for: Rubicon, Los Bermejos, men også Vega de Yuco, El Grifo og Yaiza.

Les: Lanzarote – den kvite ferieøya

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s