Åtvarar mot lysfattige bustadar og nitriste rom

Bustadkvaliteten vil verta redusert, og små bustadar i blokk vil verta særleg utsette, om utkastet til ny Teknisk byggforskrift vert innført.

Lite dagslys, både mellom bygg og innandørs, er ein trussel mot folkehelsa.
Lite dagslys, både mellom bygg og innandørs, er ein trussel mot folkehelsa.

Trangbuddhet, helsefårlege senitære tilhøve og lite dagslys utløyste i etterkrigsåra til ein revolusjon i norsk bustadbygging. Etterkvart som butilhøva har blitt betre for det store fleirtalet av innbyggjarane, har kvalitetskrava til nybygg blitt heva ytterlegare.

Reversera utviklinga
No vil Kommunalminister Jan Tore Sanner reversera utviklinga. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bedt Direktorat for byggkvalitet å kutta kvalitet i teknisk forskrift som no er ute på høyring, åtvarar fagsjef Camilla Moneta i Norske arkitekters landsforbund i Dagens Næringsliv.

Gåvepakke til utbyggjarar
Tiltaket vil ikkje hjelpa bustadkjøparar med dårleg økonomi, meinar fagsjefen.

– Bustadprisane steig med 8 prosent på eitt år frå november 2015 til 2016. Byggjekostnadane steig i same perioden med berre 3,2 prosent, hevdar Moneta og viser til SSB.

– Kutt i forskriftskrav og byggekostnadar er ein gåvepakke til utbyggjarar som bustadkjøparane må betala prisen for, hevdar Moneta

Små bustadar i blokk
Kuttforslaga vil få særlege konsekvensar for kvaliteten på små bustadar i store bustadkompleks, åtvarar fagsjefen.

Kravet til dagslys, både inne, men også mellom husa, vert redusert. Det vert føreslege å fjerna kravet om at bygg skap plasserast slik at det vert teke omsyn til lys-, sol- og lydforhald.

– Fåren er stor for at vi får mørke og lite innbydande uterom mellom bygga, konkluderer Moneta.

Les: Ny Ankerhagen-konflikt på Straume

Mindre dagslys
– Dagslys er viktig, både fordi det påverka døgnrytmen som styrer hormonsvingningar, energibalanse og ei rekkje kroppsfunksjonar, og fordi det fremmar vekst og utvikling.

Direktorat for byggkvalitet foreslår å redusera kravet til dagslys innandørs. Kravet har til no gjalde for alle rom for varig opphald. No vert kravet endra til berre å omfatta opphaldssona i eit rom.

– I praksis opnar kravet for mykje tettare bebyggelse og lysfattige bustadar. Og nitriste rom, hevdar Moneta.

Mindre fleksibilitet
I same rennet føreslår Direktorat for byggkvalitet at det ikkje lenger skal vera eit krav å kunna sjå ut frå soverommet.

– Soverom utan utsyn og knapt med dagslys er ikkje eigna verken til leikerom eller arbeidsrom. Kva skjer om ein skulle verta langvarig sengjeliggjande i eit dunkelt soverom med berre eit smalt vindauga øvst på veggen?

– Vert kravet innført, kan leiligheter høgt oppe i etasjane gje kjensla av å bu i ein kjellar, åtvarar Moneta.

Send høringsinnspel!
– Forslaget er ute til høyring, og vi kan framleis protestera mot forslag som fjernar kvalitet ved å koma med høyringsinnspel. Vert dette vedteke, vil omgjevelsane verta stusselegare, folkehelsa vil verta forringa, og bustadkjøparane tvungne til å kjøpa både dyrt og dårleg, argumenterer fagsjef Camilla Moneta i Norske arkitekters landsforbund.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s