Dobbelt så mange konkursar i Askøy

Stadig fleire verksemder i kommunane vest for Bergen må kasta korta som følgje av offshorekrisa.

Nyetablerte verksemder med lova sitt minimumskrav til kapital har små føresetnadar til å verkeleggjera forretningsideen, skal vi tru konkursoversikten for tredje kvartal.
Stadig fleire verksemder heimeøyrande i Fjell og Askøy havnar i skifteretten.

I Brønnøysundregistra vart det i fjor registrert heile 76 konkursopningar i kommunane vest for Bergen. Det er 28 fleire enn i 2015 – ein auke på 58 prosent.

Askøy
Verst ramma av utviklinga vart verksemdene i Askøy. Her vart talet på konkursopningar meir enn dobla  – frå 16 i 2015 til 33 i fjor.

Fjell
Flest konkursopningar var det likevel i Fjell – 37 konkursar var 13 fleire enn året før – ein auke på 56 prosent.

Den prosentvise auken i talet på nye konkursopningar i kommunen var likevel vesentleg lågare enn i 2014.

Les: Dobling av talet på konkursar i Fjell.

Nedgang i Sund og Øygarden
Fem verksemder med adresse i Øygarden vart registrert konkurs i fjor – ein færre enn året før.

Berre ei verksemd i Sund havna i skifteretten i året som var. Også her gjekk talet på konkursar ned, frå tre i 2015.

3 Comments

    1. Tunnelsyn vil gjerne laga reportasjar på verksemder, og få fram kva dei gjer og korleis dei tenkjer. Her tek vi mot alle tips og innspel. Redaksjonen går også gjennom rekneskapane som vert sende til Brønnøysund, for å finna innspel til gode saker.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s