Gjer klart for robotane

Ved å jobba smartare og ta i bruk robotar, kan norske verksemder produsera til ein rimelegare kostnad enn i Kina.

Gjennom samarbeidet med ei tysk klynge som er verdsleiande på robotisering, har dei fått tilgang på metodikk som mellom anna vert nytta av den tyske bilindustrien.
Gjennom samarbeidet med ei tysk klynge som er verdsleiande på robotisering, har GCE Subsea fått tilgang på metodikk som mellom anna vert nytta av den tyske bilindustrien. (Foto: Mercedes-Benz.)

Det hevdar i alle fall Owe Hagesæther og Gisle Nondal, henhaldsvis dagleg leiar og forskings- og utviklingsansvarleg i GCE Subsea på Ågotnes.

Tverrfagleg satsing
Saman med søsterklyngene GCE Blue Maritime i Ålesund og GCE Node i Kristiansand skal subsea-klyngja leggja til rette for innføringa av det dei kallar den fjerde industrielle revolusjonen, i lokale produksjonsverksemder.

Med på laget i den tverrfaglege gruppa er også en tysk klynge som er mellom dei framste i verda når det gjeld robotisering. Slik har dei fått tilgang på metodikk som mellom anna vert nytta av tyske bilprodusentar.

Omstillingsmidlar

Dagleg leiar Owe Hagesæther (tv), forretningsutviklar Gunnar Buvik og forskings og utviklingsansvarleg Gisle Nondal.
Dagleg leiar Owe Hagesæther (tv), forretningsutviklar Gunnar Buvik og forskings og utviklingsansvarleg Gisle Nondal.

Til grunn for satsinga ligg 1,96 millionar kroner i ekstraordinære omstillingsmidlar frå Regjeringa til petroleumsindustrien på Sør- og Vestlandet.

Les: Desse stikk av med omstillingsmidlane

Unytta datamengder
”Big Data” og ”Internet of Things” er andre stikkord for prosjektet. Store mengder sensorar av ulike slag har dei siste tiåra blitt påmontert subsea-utstyr. Sensorane vert no kopla saman i nettverk, og dei store mengdene med informasjon sett i system og nyttiggjort til å effektivisera og kvalitetssikra prosessar og utstyr, fortel Nondal og Hagesæther.

Autonome system
Sidan ettermarknad og vedlikehald av subsea-utstyr er hovudsatsninga til GCE Subsea, vil utvikling av løysingar som kan betra rutinane for tilstandsbasert vedlikehald stå sentralt i prosjektet, ifølgje Nondal.

Her kan det koma autonome overvakingssystem som sjølv vurderer risikoen knytta til ulike ureglementære handlingar, før dei eventuelt utløyser alarmar.

Færre arbeidsplassar?
Ei omfattande robotisering av lokal produksjonsindustri kan få store konsekvensar, både for talet på arbeidsplassar og for industrien si konkurransekraft.

Mange fryktar for arbeidsplassane i eit område som frå før er hardt råka av arbeidsløyse. Hagesæther trur ikkje at tiltaket vil forverra situasjonen:

– Vi vil få økt konkurransekraft, vekst og på enkelte områder ein ny type stillingar. Einkelte arbeidstakarane vil få ein ny type roller, spår Hagesæther.

Lågthengjande frukter?
Nokre av medlemsverksemdene er alt godt i gang med slike prosessar. Kor store kostnadskutt robotiseringa vil kunna medføra, er Hagesæther og Nondal likevel svært forsiktig med å antyda. Klynga etterlyste nyleg verksemder som ønskjer å delta i prosjektet. I løpet av januar vil det vera klart kven som vert med, og kva mål deltakarane ser for seg at det vil vera mogeleg å oppnå.

Kan hende vel dei i første omgang å konsentrera innsatsen om lågthengjande frukter, altså einkle tiltak som kan gje stor gevinst?

Nye forretningsmodellar
Til sjuande og sist vil omstillinga påverka verksemdene sine forretningsmodellane. Delingsøkonomien kan vera aktuell også i subsea-industrien.

– Kanskje verksemdene ikkje lenger treng å kjøpa alle ”dingsane” sjølv? I framtida vel dei kan hende heller å kjøpa resultatet av det ”dingsen” produserer, filosoferer Hagesæther.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s