Straume – ein by for pensjonistar?

Sosialantropologen Alf Helge Greaker har vore på feltarbeid i Fjell. Han fann ein stad for pensjonistar.

Ei subjektiv oppfatning av arkitekturen på Straume er at bygga er så ulike at heilskapen framstår som disharmonisk, hevdar sosialantropologen Alf Helge Greaker.
Ei subjektiv oppfatning av arkitekturen på Straume er at bygga er så ulike at heilskapen framstår som disharmonisk, hevdar sosialantropologen Alf Helge Greaker.

Sosialantropologar dreg gjerne til eksotiske stadar for å gjera feltarbeid. Venstrepolitikaren og den tidleger fylkestingsrepresentanten Alf Helge Greaker valte Fjell som studieområde for mastergraden. Tysdag presenterte han resultatet av feltarbeidet for Øygarden og Sotra Senioruniversitet.

Jobbsøknad
– Fjell var interessant på grunn av den sterke folkeveksten, men også fordi de har store, konkrete planar om Sotra Kystby, grunngav han stadvalet for feltstudiet.

– Byutviklinga på Straume må sjåast i ein nasjonal kontekst. Planane om Sotra Kystby er eit svar på nasjonale utfordringar. Kravet om konsentrert befolkningsvekst, fortetting og urbanisering, hevda den nyutdanna sosialantropologen som no er på leit etter ein relevant jobb.

Teikn på urbanisering
Under dei åtte månadane feltarbeidet pågjekk oppsøkte Greaker ulike miljø i kommunen for å få eit innblikk i kva urbaniseringa gjer med lokalsamfunnet. Den kristne Metodistkyrkja på Ågotnes var eit av dei miljøa han oppsøkte.

– Metodistkyrkja er eit globalt kyrkjesamfunn, i motsetnad til den lutherske kyrkja som er eit nordeuropeisk fenomen. Det at Metodistkyrkje har slege seg ned her er ein indikasjon på tilflytting og urbanisering, og at Fjell ligg midt i leia for globale impulsar, sa han.

Etablering av eit lokalt turlag og tilrettelagte turstiar er ei anna signal om pågåande urbanisering. Fiskarar og bønder har ikkje tid til å gå tur, hevda sosialantropologen.

For seniorar
– Reklamen for Sotra Kystby rettar seg mot seniorar. Det vert argumentert med at alt er tilrettelagt for eit einkelt liv, og at det er mogeleg å klara seg utan bil, hevda han.

Bustadmeldinga for Fjell slår fast at det er mangel på bustadar for unge. Det verkar ikkje som om Sotra Kystby løyser dette. Ein by skal vera mangfaldig, ikkje berre for ein generasjon. På Straume verkar det vera ein risiko for eit homogent samfunn med eldre, hevda Greaker.

– Dei eldre tenkjer gjerne at det er dei unge som ønskjer seg by. Men i Fjell tenkjer dei unge: Kvar er det plass til oss? hevda sosialantropologen.

Disharmoni
Interessant har det også vore å studera kva tema som vekkjer konflikt og motstand hos dei innfødde.

– Kva som er stygt og pent, er gjerne ei subjektiv oppfatning. Arkitekturen på Straume er det mange synspunkt på. Om eg skal seia noko subjektivt om arkitekturen på Straume, så er nybygga så ulike at heilhetsinntrykket framstår som disharmonisk, hevda Greaker.

Bryt med kjensla av likeverd
Allemannsretten står sterkt i Norge. Tilgang til sjø er høgt verdsett, og eit strengt lovverk fører til at det lett oppstår konfliktar.

Når ein stor utbyggjar for å lov å byggja i strandkanten, medan andre ikkje får lov å byggja naust i ei avsidesliggjande grend, vert det oppfatta som urettferdig. Det bryt med kjensla av likeverd, ei kjensle som står sterkt på Sotra.

– Det med tilgang til sjø har også ei økonomisk side, helst burde Sotra Kystby ha lagt på Brattholmen, hevda han.

Stril – lågterskel-identitet
Å ha ein lokal identitet å byggja ein by på er viktig, meinar Greaker. Fjell har strilakulturen, og den er eit godt utgangspunkt for å byggja eit samfunn med mange tilflyttarar og innvandrarar.

– Uttrykket stril er knytta til geografisk tilhøyrighet. Mange av tilflyttarane har gjort stril av seg. Nokon vert stril straks dei flyttar ut hit. Karakteristikken stril heng veldig lågt, hevda sosialantropologen og ser det som positivt.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.