Fleire satsar på fiske

Etter mange år med nedgang, er det no fleire strilar som satsar på fiske som yrke. Sund peikar seg ut som fiskerikommunen i vest.

Her sløyer Steffen Andersen Golten delar av dagens fangst på 12 tonn torsk saman med utplasseringselevane Malin Hauge Sørstrømmen og Julie Eikeland frå Fusa VGS.
Arkivfoto: Stein Arne Hjellestad.

 

I alle dei fire kommunane vest for Bergen aukar talet på fiskarar. Fiskarmanntalet oppgjev kor mange som har fiske som hovudyrke og som biyrke. I Fjell, Sund, Øygarden og Askøy var det ved årsskiftet til saman 203 personar som hadde fiske som viktigaste inntektskjelde. Ytterlegare 21 henta delar av inntekta si frå fiske.

Fiskerikommunen Sund
Største fiskerikommunen i vest er Sund. Det er også her interessa for fiskaryrket aukar mest – 79 fiskarar er seks fleire enn i 2015. Halvparten av dei nye fiskarane bur i denne kommunen.

Sund kommune satsar på fisk og fiskeri. Nær halvparten av dei 87 fiskefartøya i regionen har Sund som heimeadresse, og heile fem av dei seks nye fartøya som kom til i fartøyregisteret i fjor er heimehøyrande i kommunen.

Les: Investerer 30 millionar i fiskerihamna i Porsvika

– Interessa for fiskaryrket går opp når det er dårlege tider i olja, og så går den tilbake når aktiviteten i oljeverksemda tek seg opp att, hevdar fiskar Thor-Andre Midtveit frå Sund på telefon frå fiskefeltet ein stad sørvest for Tromsø.

Små fartøy
Den lokale fiskeflåten er dominert av små fartøy. Med 27-fotaren MK Sørvest har Midtveit fiska norsk vårgytande sild i dei omstridde leiteområda utanfor Senja, Vesterålen og Lofoten sidan nyttår. Når kvoten på 600 tonn NVG-sild er fylt, ber det rett til Lofoten for å fanga torsk.

Lærling
Ombord på Sørvest samarbeidar Midtveit med eit anna fartøy om å fiska kvotane for NVG-sild, makrell, Nordsjøsild og torsk. Samla utgjer mannskapet på dei to fartøya eit lag på fem mann.

Med seg på feltet har dei også ein lærling.

Mange reisedøgn
Å driva fiske er ikkje for kven som helst. Yrket inneber hardt arbeid, lange økter og lange periodar heimanfrå. Først kring månadsskiftet februar/mars kan Midtveit og kollegaen om bord på Sørvest tenkja på å setja kursen heimover.

Mange av våre lokale fiskarar oppheld seg i Nord-Norge halve året eller lenger.

Reknestykke som ikkje går opp
– Kjøp av båt, kvotar og kostnadane til not og løn til mannskapet er eit reknestykke som ikkje går opp, hevdar Midtveit.

Kvoteprisane aukar stadig. Siste åra har Midtveit investert fleire millionar i fiskekvotar. Helst hadde han sett at pengane også strakk til ein større båt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s