Sartor sikra 11. plassen

Fleire butikkar, breiare utval og god vekst i omsetnaden til dei mange butikkane i Sartor Storsenter gjorde at Sotrastrilane sitt lokale storsenter avanserte opp til 11. plass i nasjonal samanhang i fjor.

Sartor Storsenter slik det tek seg ut frå Sartorvegen. Andre byggjesteget vart opna sist haust.
Sartor Storsenter slik det tek seg ut frå Sartorvegen etter ombygginga..

Samla brutto omsetnad for dei mange butikkane i senteret enda i fjor på 1,991 milliardar kroner, ifølgje Finansavisen.

Les: Sartor på 14. plass

Hegnar-publikasjonen har samla inn tala for omsetnaden i dei 60 største norske kjøpesentra for fjoråret. Her framkjem det at butikkane i Sartor Storsenter auka omsetnaden med 198 millionar kroner i fjor – tilsvarande 11,1 prosent.

Sterk vekst
Få andre kjøpesentre kan visa til tilsvarande vekst. Her i Bergensområdet var det berre Horisont i Åsane som hadde større auke i butikksalet.

Sartor Storsenter er nest største kjøpesenteret i Bergens-regionen. Avstanden fram til Lagunen er stor – heile 1,1 milliardar kroner, men så er då også Fana-strilen sitt kjøpesenter det tredje største i landet, målt etter omsetnad, ifølgje Finansavisen.

Vestkanten
Vestkanten ligg på tredjeplass i Bergens-området. Eit butikksal på 1,587 milliardar kroner tilsvarar ein 19. plass i nasjonal samanhang.

Sartor Holding
Sartor Storsenter vert eigd av børsnoterte Olav Thon Eiendom ASA med 60 prosent og Sartor Holding AS med 40 prosent.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s