DNB går all in på Sotra

Det er på Straume og Sotra det er viktig å vera tilstade. DNB legg ned filialane på Askøy og i Bergen Vest.

Den raske utviklinga innan mobiltelefoni inneber at Facebook, Google og Snapchat snart vil vera DNB sine sterkaste konkurrentar, frykter banksjef Geir-Ove Horge i DNB Straume privatmarknad.
Den raske utviklinga innan mobiltelefoni inneber at Facebook, Google og Snapchat snart vil vera DNB sine sterkaste konkurrentar, frykter banksjef Geir-Ove Horge i DNB Straume privatmarknad.

– Dei raske et dei treige. No er det bankane sin tur til å verta digitaliserte. DNB har som mål å leia an i utviklinga. Vi er nøydde til å endra måten vi møter kundane. Det påverkar også butikkonseptet vårt. Slik oppsummerer Geir-Over Horge, banksjef for privatmarknaden i DNB Sotra, bakgrunnen for at banken no legg ned filialane i Askøy og Bergen Vest for å satsa alt på Sotra:

– DNB hadde tre filialar innan ti minutts reisetid. Vi kom til at vi kan betena marknaden på Askøy og i Bergen Vest like godt frå Sotra, forklarar ein diplomatisk banksjef ovanfor nettavisa Tunnelsyn.

Les: Legg ned bankfilialar

– Kva er det med Sotra som Askøy ikkje har?

– Sotra er ein marknad i vekst. Tre kommunar med sterk tilflytting. Men, det vert feil å seia at vi ikkje satsar på Askøy…

Google og Snapchat
Den eksponensielle veksten i bruken av mobilbank og mobilbetaling fortel banksjefen at mobiltelefonen er i ferd med ta over stadig meir av banktenestene.

– Konkurransebiletet endrar seg raskt. Snart vil Facebook, Google og Snapchat vera hovudkonkurrentane våre, spår Horge.

Der det skjer

Bildetekst: Banksjef Geir-Ove Horge i DNB vil møta kundane ute på golvet, ifølgje det nye butikkonseptet. Hovudkontoret i Oslo sørgjer for stemningsskapande musikk og godlukt i lokalet.

Enn så lenge handlar det om å vera fysisk tilstade der konkurrentane er. På Sotra kjempar Norges største bank med Sparebanken Vest og innflyttaren frå Rogaland SpareBank1 SR-Bank om å vera størst. Dessutan er Nordea, Handelsbanken og Fana Sparabank tilstade her.

Les: Møt ein utypisk bankdirektør

DNB starta som forretningsbank, men etterkvart har det blitt stadig viktigare å vera tilstade ved alle viktige hendingar i kundane sine liv. Noko over 9000 privatkundar og samla utlån til privatpersonar på 3,7 milliardar kroner inneber at DNB har 25 prosent markndsdel i kommunane vest for Bergen, seier Horge.

Personmarknaden stadig viktigare
– Utlånsporteføljen auka med 8,6 prosent i fjor, hovudsakleg på grunn av refinansiering og nye bustadlån, utdjupar Horge. At personmarknaden vert stadig viktigare for banken si inntening, legg han ikkje skjul på.

På den lokale eigedomsmarknaden står DNB for knappe 20 prosent av omsetnaden.

Avdragsfrie lån
At Sotra-strilen kjempar mot aukande arbeidsløyse, har banksjefen så langt merka lite til.

– Vi får fleire spørsmål om avdragsfrie lån, men ikkje så mange som ein kanskje skulle forventa. Det er feil å avdramatisera situasjonen, men det er også for tidleg å dramatisera, forsikrar Horge.

Mange Sotra-strilar har pengar i bakhand. Banken ikkje er den dei først spring til når det knip, har banksjefen inntrykk av.

Nytt regelverk
Frå nyttår kom det nytt regelverk som tilseier at avdragsfrie lån heretter må vera innanfor 60 prosent av bustaden sin verdi, mot tidlegare 70 prosent.

At det nye regelverket kan koma til å påverka den økonomiske situasjonen til eindel av personkundane, ser Horge ikkje vekk frå.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s