Godkjende ny ilandføring til Kollsnes

Olje- og energiminister Terje Søviknes har i dag godkjend utbyggingsplanen for Byrding. Ein plan som inneber ilandføring av 300 millionar kubikkmeter gass til Kollsnes.

Byrding vil verta bygd ut som eit subsea-felt, med infrastrukturtilknyting først til Fram- og vidare til Troll-felta.
Byrding vil verta bygd ut som eit subsea-felt, med infrastrukturtilknyting først til Fram- og vidare til Troll-feltet.

Byrding ligg nord for Troll-feltet, og inneheld 1,8 milliardar kubikkmeter oljeekvivalentar. 300 millionar av dette er gass, seier kommunikasjonsrådgjevar Bjørn Rasen i Oljedirektoratet til Tunnelsyn.no.

Gassen vil verta ført i land til Kollsnes, medan olja vil verta ført i land til Mongstad.

Ved å utnytta eksisterande infrastruktur vil operatørselskapet Statoil kunna kutta utbyggingskostnadane frå 3,5 til 1 milliard kroner.

Les: Statoil kuttar milliardar på gjenbruk – nytt felt i land til Kollsnes

Olje- og energidepartementet tildelte i dag også nye 36 utvinningstillatelsar i Nordsjøen. Fleire av desse ligg nord, vest og sør for Troll-feltet. Korvidt desse vil resultera i drivverdige funn, og kvar eventuelle funn vil verta førte i land, er det alt for tidleg å seia noko om, ifølgje Rasen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s