50.000 færre tilsette innan olje og gass

Talet på sysselsette i norsk olje- og gassnæring er redusert med 50.000 siste åra. Leverandørverksemdene har fått største smellen, i følgje SSB.

Oljearbeidar i solnedgang. Det vert lengre mellom arbeidsplassane ettersom fleire nye felt vert bygde ut med ubemanna brønnhodeplattformar. Foto: Harald Pettersen / Statoil
Oljearbeidar i solnedgang. Det har blitt 6.300 færre tilsette i oljeselskapa på norsk sokkel. Medrekne leverandørindustrien har det blitt 50.000 færre arbeidsplassar siste tre åra. Foto: Harald Pettersen / Statoil

I toppåret 2013 var det 232.100 personar sysselsette i norsk petroleumsnæring, anten direkte eller tilknytta leverandørar eller underleverandørar. Ved utgangen av 2016 var talet redusert til 183.800 personar, melder SSB i den ferske rapporten ”Ringverknadar av petroleumsnæringen i norsk økonomi”.

Les: Fleire arbeidslause i november

Les: Mista dagpengane i julemånaden

For tre år sidan stod olje og gass relaterte verksemder for 8,6 prosent av den samla sysselsetjinga i Norge. Ved utgangen av fjoråret var andelen redusert til 6,7 prosent.

Ringverknadar i leverandørindustrien
Berre 6.300 av dei oppsagde kan knyttast direkte til oljeselskapa. Størstedelen av reduksjonen i sysselsetjinga innan olje og gass kom dermed i andre næringar, ifølgje SSB.

Talfesta verdiskaping
Tala har framkome ved at SSB har freista talfesta endringa i verdiskapinga hos leverandørar og underleverandørar.

Feilkjelder
Analysen ser vekk frå naudsynte investeringar i leverandørbransjen, og hos utanlandske underleverandørar.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s