Liegruppen vil ha ny vidaregåande skule på Bildetangen

Den nye vidaregåande skulen for Sotra bør liggja på Bildetangen, føreslår Liegruppen AS.

Området like nord for det nye Sotra-sambandet er eit område LIegruppen AS har råderett over.
Området like nord for det nye Sotra-sambandet er eit område Liegruppen AS har råderett over, ifølgje Roy-Eddy Lie.

– Gode idear bør delast. Dei beste bør ein dela med formannskapet, innleia Jan Arthur Nilssen i Liegruppen Eiendom AS dagens presentasjon for Formannskapet i Fjell.

Den lokale eigedomsinvestoren og -utviklaren ser fordelane med å plassera den nye, samlokaliserte vidaregåande skulen for Sotra midt i smørauga på Straume. Men Bildetangen, like nord for det nye Sotrasambandet, bør vera ei enno betre plassering, hevda eigedomssjef Roy-Eddy Lie.

Les: – Her bør nye Sotra vidaregåande liggja!

Setja fart
På Straume vil ein ny vidaregåande skule støtte opp under eit utvikling som alt går bra. På Bildøy kan eit slikt offentleg tiltak bidra til å setja fart i ei utvikling som har lagt på vent i høve til det nye Sotra-sambandet, håpar Lie.

Det frigjorte området midt i Straume sentrum bør ein heller nytta til å laga eit attraktivt parkområde, føreslo Lie.

Les: Dra te Bekkjarvik for ein park!

Slik ser Statens Vegvesen for seg at området skal verta sjåande ut når det nye Sotrasambandet står ferdig. (sett frå vest)
Den nye skulen bør liggja nord og vest for den sirkelforma rundkøyringa midt i biletet, føreslår Liegruppen AS.

Ein av dei største
Hordaland fylkeskommune har vedteke å byggja ein ny samlokalisert vidaregåande skule for Sotra som skal stå ferdig i 2024. Med over 15.000 kvadratmeter golvflate og ein forventa kostnad på 825 millionar, vil skulen verta ein av dei største i fylket. Vedtaket legg opp til at skulen skal plasserast ved eit kollektivknutepunkt ein stad mellom dei nye gigantkryssa på Sotrasambandet i Arefjord og på Bildøy.

10 minutt å gå
Den tenkte plasseringa på Bildetangen ligg alt i dag ved eit kollektivknutepunkt. Her går det buss kvart 10. ande minutt. Det tek ti minutt å gå frå Sartor Senter – tre minutt på sykkel.

På Bildøy vil skulen kunna nytta godt av nærleiken til det eksisterande skulemiljøet. Dei to eksisterande og lite nytta grusbanane vil også kunna passa inn i ein slik samanhang, ifølgje Lie.

Fordel for marine fag
Bildøy byr også på ein nærleik til sjø som Straume manglar. Slik ser eigarane av fiskeri- og eigedomskonsernet for seg at det vil verta einklare å utvida fagkrinsen til også å omfatta marine fag.

Elevflukt
-45 prosent av ungdomane på Sotra trassar køane og dreg over Sotrabrua for å gå på vidaregåande skule, hevda Nilssen. Han karakteriserte situasjonen som ein elevflukt.

-Korleis vil ikkje situasjonen verta når det nye Sotrasambandet gjer slutt på køane, spurte eigedomsutviklaren retorisk.

På botnen
At elevane gjev Sotra vidaregåande skule dårlegaste ratinga av samtlege 30 vidaregåande skular i Hordaland, unnlot Nilssen å kopla med den høge andelen av ungdomar som vel å ta utdanninga si utanfor heimekommunane.

-Bli samde
Lie og Nilssen bad om at Sotrakommunane alt dette året vert samde om lokaliseringa av den nye vidaregåande skulen. Ved å foreina kreftene vil kommunane kunna få tiltaket gjennom nålauga til fylkeskommunen sitt investeringbudsjett, med byggjestart i 2022.

Nølande tilslutning
Tilbakemeldinga frå dei ni politikarane i Formannskapet var at tanken høyres spanande ut, men at ein må vurdera alle alternativ.

Disponerer område
Anita Garlid Johannessen (FrP) undrast kvifor ikkje skulen var plassert på sørsida av den nye riksvegen. Ho meinte den auka nærleiken til dagens skulesenter ville vera ein fordel.

– Dette området disponerer Liegruppen. Ei utbygging her kan vi bidra til å gjennomføra på ein smidig måte, sa Lie.

Ungdomsbustadar?
Korvidt Liegruppen ser for seg at det vil verta bygd hyblar, små utleigebustadar og familiebustadar i tilknyting til det nye skulesenteret, er eit anna spørsmål som opptek politikarane i Fjell.

3 Comments

  1. Det er bra at det er ulike interesser som konkurrerer om plasseringa av den nye storskulen. Eg vonar Fjell kommune har tatt kontakt med skulen før dei legg fram alternativa sine.

    Om ikkje, må skulen og skulen sine organ inn i arbeidet med plassering straks.
    Det må vere pedagogiske omsyn som bestemmer plasseringa. Alt for ofte er det slik at kommunar har eit areal dei ønsker å fylle, eller at andre utanforliggjande interessentar ser seg tente med ei spesiell plassering.

    Eg ser umiddelbart ei ulempe med begge dei plasseringane som er foreslått. Idrettsanlegga i og rundt Sotra arena ligg i så stor avstand frå begge alternativa, at det vankeleggjer eit effektivt sambruk. Dette er berre ei innvending, som eg ser heilt frå utsida. Eg kjenner ikkje til om det er tatt omsyn til dette i innstillinga frå kommunen, men det er i alle fall ei pedagogisk utfordring, slik eg ser det, dersom det då ikkje skal byggjast heilt nye idrettsanlegg i tilknytning til skulen.
    Skulen treng areal for kroppsøving for 1200 elevar. I tillegg har skulen ei av dei mest veldrevne idrettstilboda i fylket, med eit stort utviklingspotensiale, dersom det vert gjort mogeleg å utnytte dei flotte anlegga som idretten og Fjell kommune har bygd på søre Straume. Eg ser ikkje anna enn at det vil vere svært uheldig om ein ikkje utnyttar dette fullt ut i samarbeide mellom skulen og idretten.

    Det er viktig at det vert arbeidd raskt med dette, og at bygginga av den nye storskulen kjem fram i den fylkeskommunale køen. I desse tider med veksande arbeidsløyse, der vår region er ekstra hardt ramma, vil sjølve bygginga vere med å skaffe arbeidsplassar,

    Det aller viktigaste er likevel at ei kunnskapsklynge, som har vidaregåande opplæring, høgskuletilbod, vaksenopplæring og kursverksemd for eit næringsliv i omstilling, vil vere den viktiigaste motoren for å gjere ungdomar og vaksne her vest i stand til å takle kompetansekrava som kjem frametter.

    Set i gang for å få fortgang i arbeidet, men for all del, involver pedagogane på skulen i arbeidet. Det er den beste medisinen for å få til eit tilbod som elevar, næringsliv og heile regionen treng.

    Per Morken

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s