Tilbodsutlysing for Sotra-sambandet først om to år

Berre entrepenørar med ein samla omsetning på minst 3,5 milliardar kroner vil kunna konkurrera om å byggja det nye Sotra-sambandet.

Ingenting skal få forseinka Sotrasambandet ytterligare. Eit samrøystes kommunestyre i Fjell har i dag vedteke den endelege reguleringsplanen.
Først om to år – ved årsskiftet 2018/2019 – planlegg Statens vegvesen å lysa OPS-kontrakten på Sotra-sambandet ut på tilbod.

Konkurransen om kontrakten på Sotra-sambandet og to andre OPS-prosjekt til ein total kostnad på 22 milliardar kroner samla 250 bransjefolk frå Norge og utlandet då Statens vegvesen i dag inviterte til informasjonsmøte på Gardermoen.

9,3 milliardar
Dette vert dei tre første store offentleg – privat samarbeida (OPS) på det norske vegnettet.

Sotra-sambandet, Rv.3/rv.5 i Hedmark og E10/rv. 85 i Nordland og Troms vert rekna for å vera mellom dei største vegprosjekta i Norge dei komande åra. Aller dyrast vert Sotra-sambandet, som no har fått ein oppjustert kostnadskalkyle på 9,3 milliardar kroner.

Tar risikoen
Dei som vinn konkurransen om å byggja Sotra-sambandet må vera budde på å bera risikoen. I tillegg til bygging, skal dei også stå for finansiering, drift og vedlikehald i 20 år. Deretter skal Staten overta sambandet.

Selskapet skal sørgja for at Sotra-sambandet er åpe og tilgjengeleg, og at det held ein viss standard.

– Eit kjenneteikn på OPS er at vi overfører meir ansvar og meir risiko til den private parten, seier direktør Lars Aksnes i Statens vegvesen.

Solide tilbydarar
– Storleiken på kontraktane gjer dei interessant både for norske og utanlandske entrepenørar, seier Aksnes.

Berre ei handfull entrepenørar har likevel økonomiske musklar nok til å gjennomføra slike store oppdrag. Statens vegvesen krev at potensielle tilbydarar må ha ei omsetning på minimum 3,5 milliardar kroner. Dei må også ha god likviditet, og ikkje for stor gjeld.

Sist i køen
Entrepenørar som ønskjer å delta i tilbodsrunden må først prekvalifiserast.

Her stiller Sotra-sambandet sist i køen av dei tre prosjekta. Utolmodige aktørar må venta i enno to år – til årsskiftet 2018/2019 – før tiltaket vert lyst ut på tilbod.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s