Gjestekommentar: Kvar skal Kunnskapsbyen liggja?

Det er bra at det er ulike interesser som konkurrerer om plasseringa av den nye vidaregåande skulen i Fjell, Sund og Øygarden. Men er dei tilsette ved Sotra vidaregåande skule spurt?

Per Morken har tidlegare vore rektor ved Sotra vidaregåande skule.
Per Morken har tidlegare mellom anna vore rektor ved Sotra vidaregåande skule. Foto: Fotograf Aase.

Av Per Morken
(Seniorrådgjevar i Skagarak Consulting AS, tidlegare rektor og rådgjevar for skule i Hordaland fylkeskommune. No sit han i kommunestyret i Øygarden (A) og er leiar for Kontollutvalet.)

Endeleg ser det ut til at Fjell kommune tar fatt i arbeidet med å legge til rette for ein ny vidaregåande skule i kommunen. Rådmannen hadde, etter det Tunnelsyn referer, nokre synspunkt på dette i formannskapet nyleg. Eg registrerer også at Liegruppen er på banen med alternative planar.

Det er bra at det er ulike interesser som konkurrerer om plasseringa av den nye storskulen. Eg er likevel litt spørjande til korleis kommunen tenkjer prosessen fram mot endeleg vedtak om plassering er gjort.

Det er heilt avgjerande for suksessen til den nye skulen at det pedagogiske personalet ved skulen er tungt inne i planlegginga frå starten. Eg veit ikkje i kva grad Sotra vidaregåande skule har vore trekt inn i arbeidet så langt, eller om skulen i det heile er spurt om kor skulen bør plasserast.

Det må vere pedagogiske omsyn som bestemmer plasseringa. Alt for ofte er det slik at kommunar har eit areal dei ønskjer å fylle, eller at andre utanforliggjande interessentar ser seg tente med ei spesiell plassering, og at dei som kan det å drive vidaregåande opplæring kjem inn når avgjerande vedtak er gjort.

I dette tilfellet ser eg med ein gong ulemper ved dei to plasseringane som er foreslått. Idrettsanlegga i og rundt Sotra arena ligg i så stor avstand frå begge alternativa, at det vankeleggjer eit effektivt sambruk.

Skulen treng areal for kroppsøving for 1200 elevar. I tillegg har skulen ei av dei mest veldrivne idrettstilboda i fylket. Idrettslina har eit uvanleg stort utviklingspotensiale, dersom det vert gjort mogeleg å utnytte dei flotte anlegga som idretten og Fjell kommune har bygd på søre Straume. Det vil vere svært uheldig om ein ikkje klarer å utnytte dette fullt ut, i samarbeide mellom skulen og idretten.

Plasseringa er avgjerande for å utvikle idrettstilbodet ved skulen, og det er i tillegg avgjerande for kroppsøvingsundervisinga for alle dei elevane som ikkje tar idrettsfag, men skal ha ordinær kroppsøving. Det vil vere svært uheldig om det ikkje vert tatt høgde for dette i planlegginga.

Eg ber om at kommunen er audmjuk nok til å forstå at den treng innspel frå dei som kan vidaregåande opplæring, nemleg tilsette ved Sotra vidaregåande skule. Det er noko heilt anna å planlegge grunnskular der alle skal gjennom same løpet fram til 10. klasse, og å planlegge vidaregåande skule med meir enn 10 studieprogram. Dette er det liten kompetanse på i kommunal administrasjon og diverre også ofte i politisk leiing.

Det er viktig at det vert arbeidd raskt med dette, og at bygginga av den nye storskulen kjem fram i den fylkeskommunale køen. I desse tider med veksande arbeidsløyse, der vår region er ekstra hardt ramma, vil sjølve bygginga vere med å skaffe arbeidsplassar.

Det aller viktigaste er likevel at ei kunnskapsklynge, som har vidaregåande opplæring, høgskuletilbod, vaksenopplæring og kursverksemd for eit næringsliv i omstilling, vil vere sjølve motoren for å gjere ungdomar og vaksne her vest i stand til å takle kompetansekrava som kjem frametter.

Set i gang for å få fortgang i arbeidet, men for all del, involver pedagogane på skulen i arbeidet. Det er den beste medisinen for å få til eit tilbod som elevar, næringsliv og heile regionen treng.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s