Smartaste heimen på Askøy

Roy Solberg snakkar med huset sitt. I smartaste heimen på Askøy er stemmestyring av teknologiske dingsar det siste nye.

Roy Solberg og Synnøve Haugland Bjorøy ønskjer å tenkja minst mogeleg på temperaturregulering og lysbrytarar. Smarthuset er programmert til å regulera innemiljøet avhengig av situasjonar som besøk, matlaging, natt og ute av huset.
Roy Solberg og Synnøve Haugland Bjorøy ønskjer å tenkja minst mogeleg på temperaturregulering og lysbrytarar. Innemiljøet vert styrt automatisk, avhengig av situasjonar som besøk, matlaging, natt og ute av huset.

Roy Solberg jobbar som systemutviklar og er meir interessert i digital teknologi enn dei fleste. Då han og sambuaren Synnøve Haugland Bjorøy skulle byggja nytt hus på Askøy, overtalte han henne om at dei burde laga eit smarthus.

Ha det behageleg
Roy og Synnøve ønskjer å sleppa tenkja på slike daglegdagse ting som temperaturregulering, og å slå av og på lysa.

Filosofien bak smarthusteknologien er at bebuararane  skal ha det mest mogleg behageleg, uansett utetemperatur, dagslys og tid på døgnet. Ein brytar i kvart rom styrer det heile.

Situasjonstilpassa

Frå kontrollpanelet på veggen kan dei overstyra dei programmerte settingane.
Frå kontrollpanelet på veggen kan huseigarane overstyra dei programmerte settingane.

Når paret er heime sørgjer systemet for behageleg innetemperatur. Går dei ut, vert temperaturen automatisk skrudd ned. Lyset slår seg på når dei kjem inn i eit rom. Går dei ut, vert lyset gradvis dimma.

Frå panelet ved sidan av senga, kan dei setja heile bustaden i nattmodus. Kjem dei inn på badet om natta, vert lyset mindre skarpt enn på dagtid.

– Det er veldig behageleg med sensorstyrte lys som vi slepp å slå av og på, særleg når vi må ut på badet med minstemann om natta, seier Solberg.

Styrbare komponentar
Smarthuskonseptet byggjer på at stadig fleire byggkomponentar vert digitale. I heimen til Roy og Synnøve er det installert eit 150-tals slike styrbare komponentar. Systemet er programmert til å handtera ulike situasjonar som besøk, matlaging, natt og vekkreist.

Forutan varme og lys er ventilasjon, TV, garasjeport og grasklyppar andre funksjonar som inngår i smarthuskonseptet. Systemet sørgjer også for å utløysa alarmar i tilfelle røykutvikling og innbrot.

– Dette er den smartaste heimen på Askøy, hevdar Fabian Vyfer hos leverandøren SuperHjem AS når Tunnelsyn møter han heime hos Solberg og Bjorøy. Siste åra har elektrikaren merka aukande interesse for å installera smarthusteknologi i nye bustadar.

Alarmar
Når programmeringa er gjort, skal huset i teorien kunna passa seg sjølv. Er Roy og Synnøve heime, kan dei likevel velja å overstyra systemet frå små kontrollpanel, med storleik som ein vanleg lysbrytar, på veggen.

Utanfrå kan dei kontrollera at alt fungerer som det skal ved hjelp av mobiltelefonen.

Eigenutvikla app
Mobilappen har Roy utvikla sjølv. Eigentleg hadde han tenkt å overlata alt til leverandøren SuperHjem AS, men akkurat når det kom til mobilstyringa såg han at han kunne gjera det betre sjølv. Appen delar han no med andre smarthuskjøparar.

Umoden teknologi
For å vera sikker på at alt fungerer, har Solberg valt å kabla alle komponentane, sjølv om eit trådlaust system ville ha fungert om lag like bra, til ein lågare pris., ifølgje Vyfer.

– Smarthusteknologien er framleis umoden, med mange ulike leverandørar som satsar på forskjellige løysingar, seier Solberg.

Nye dingsar
Sjølv valde han å gå for ein open standard kompatibel med industristandarden KNX. Slik står han fritt til å integrera nye dingsar frå andre leverandørar etterkvart som behovet melder seg.

Automatisk solskjerming er bestilt. Videoovervaking av delar av huset kan også verta aktuelt, slik huseigaren ser det.

Lang nedbetalingstid

Fabian Vyer frå SuperHjem har installert dei kring 150 smarte komponentane som inngår i smarthusløysinga.
Fabian Vyer frå SuperHjem AS har installert og programmert dei kring 150 digitale komponentane som inngår i smarthusløysinga.

Smartteknologien skal i utgangspunktet sørgja for at huseigaren sparar straum. Einebustaden på Askøy er eit lågenergibygg i henhald til Tek10, og har eit svært lågt straumforbruk. Solberg fryktar difor at det vil ta eindel år før dei har betalt ned investeringa på kring 100.000 kroner.

– Dei som vel å installera delar av smarthusteknologien, kan få ei grei løysing for halve prisen, forsikrar Vyfer.

Stemmestyring
Garasjeportopnaren er ein av dei tinga Solberg styrer med stemmen:

– Stemmestyring er i ein tidleg fase, men det kjem til å overta for fjernkontrollen, seier smarthusentusiasten.

Google Home
Google Home er siste digitale dingsen Solberg har kjøpt inn til heimen. Sei ”Hei Google” eller ”OK Google”, etterfølgd av kva du ønskjer å lytta til, og maskina lar deg lytta til siste låta til Coldplay eller NRK P1.

Så langt finst teknologien berre i amerikansk språkdrakt. Solberg ventar utolmodig på den norske.

Personvern
At Google Home tek opp alle samtalane dei har med henne, bekymrar ikkje Solberg. Heller ikkje at maskina kan koma til å ta opp samtalar som det ikkje er meint skal takast opp. Slike opptak kan slettast i ettertid, meinar han.

Erfaringar frå USA har likevel vist at det kan oppstå situasjonar der personvernet står svakt.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s