– Elbilane må betala i Sotrasambandet

Elbilar må betala så mykje som mogeleg i bompengar på det nye Sotrasambandet, krev ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell.

Prioritet som eit av dei fire viktigaste samferdsletiltaka i Hordeland til trass, det nye Sotrasambandet kan tidlegast stå ferdig i 2023.
Sotra-strilane har lenge køyrt rundt i tåka når det gjeld finansieringa det nye sambandet. Ved å antyda at elbilane bør delta i speleiselaget, letter ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell litt på sløret.

Det er i eit oppslag i dagens BA at Fjell-ordføraren seier det dei fleste Sotra-strilane lengje har tenkt, nemleg at elbilane brukar veiane dei også, og at det vert mest rettferdig dersom alle bidreg til nedbetalinga av det nye sambandet.

Halv takst
Halv takst er det Fjell-ordføraren ser for seg at elbilane må betala i bompengar på det nye Sotra-sambandet, ifølgje BA.

Halv takst er det avgiftsforliket mellom Høgre/FrP-regjeringa og Venstre og KrF åpnar for at lokale styremakter kan innføra utan å koma i konflikt med statlege stimuli for å velja klimavenleg transport.

50-lapp for byturen
Ein bompengesats på 40 – 45 kroner per veg er det som vert rekna for smertegrensa for bilistane. For elbilane vil halv takst over brua dermed kosta eigarane ein 50-lapp, i henhald til dette reknestykket.

Ikkje uventa
Kravet om at elbilane må bidra i spleiselaget, kjem ikkje uventa. Erfaringa frå Askøy viser at innføring av bompengar fører til ein eksplosjon i elbil-kjøpet. Tre av ti bilar køyrer no gratis over Askøybrua.

Les: Tre av ti køyrer gratis

Det er ei slik utvikling Fjell-ordføraren ønskjer å koma i forkjøpet:

-Det er jo slik at bur du på ei øy, og slepp å betala bompengar om du har elbil, då kjøper du elbil, seier Sandahl Bjorøy til BA.

På tiggarferd
Siste kostnadsestimatet tilseier at sluttrekninga for Sotrasambandet kjem til å enda på 9,4 milliardar kroner. Staten har lova å finansiera 2,1 milliardar over Nasjonal Transportplan. Resten må bilistane betala.

Les: Tilbodsutlysing av Sotrasambandet først om to år

I håp om å få reknestykket til å gå opp, har Sandahl Bjorøy og ordførarkollegane i Sund og Øygarden, saman med byråd Anne Elisa Tryti, har tidlegare vore på tiggarferd i Stortinget og bedt om 4,9 milliardar i statleg finansiering.

Les: Ba Stortinget om 4,9 milliardar

Når bompengesøknaden kjem opp i fylkesutvalet i februar, får vi svaret på kva Vegdirektoratet ser for seg at byturen skal kosta strilane.

Les: Vegdirektøren ville ikkje snakka om økonomi

Bompengesøknad
Politikarane i Fjell, Sund og Øygarden ventar utolmodig på å få bompengesøknaden opp til politisk behandling. Først når den er vedteken i Stortinget kan bygginga av prestisjeprosjektet som vert eit av dei aller mest kostbare vegsambanda i Norge, målt etter pris per kilometer, endeleg starta.

Les: Sotrasambandet tredje dyrast i landet

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s