Kommentar: Verdilaus sørviserklæring

Plan- og utbyggingssjefen i Fjell sitt framlegg til sørviserklæring er meint å skulla understreka små og store utbyggjarar sitt kundetilhøve til kommunen. For alle oss andre er framlegget verdilaust.

Kommunestyret i Fjell skal behandla plan- og utbyggingssjefen sitt utkast til sørviserklæring torsdag denne veka.

Plan og utbyggingsavdelinga er underlagt kommunalminister Jan Tore Sanner sitt målstyringsparadigme. Freistar, i samsvar med lovar og reglar, er til for å etterlevast. Erfarne utbyggjarar veit alt kva dei har rett til, og avtalen gjev dei ikkje nokon nye rettar utover det. Dei treng ikkje noko sørviserklæring.

No skal også amatør-utbyggjarane få det svart på kvitt at Fjell kommune føl lova.

Plan og bygningslova, vel og merkje. For det er nemleg langt frå sikkert at Fjell kommune praktiserer andre lovar like strengt. Ta jordlova til dømes, og konsesjonslova. To lovar som her i kommunen kjempar på vikande front mot Plan og bygningslova sitt aukande terrorvelde mot andre interesser.

Les: Må be kommunestyret om tillating til å følgja lova

Ikkje mykje snakk om at landbruket no skal få eit kundetilhøve til Fjell kommune. Tenk om plan og utbyggingssjefen samstundes hadde utferdiga ei tilsvarande sørviserklæring for dei få bøndene vi har att i kommunen!

Og kva med naboane til alle desse utbyggingsprosjekta? Er eit område under transformasjon som det så fint heiter på utbyggjarspråket, er det i dag berre eit tidsspørsmål før naboane vert nøydde til å røma heimen i møte med gravemaskinene.

Les: Her budde det ein gong 10 familiar

Estetiske reglar for visuell heilskap, ja sjølv Plan- og bygningslova sitt krav til gode visuelle kvalitetar, er begrep som får plan og utbyggingssjefen til å trekkja på smilebandet, slik vi oppfattar det frå utsida av rådhuset. Kva med å nedfella også desse rettane i ein sørviserklæring?

Les: Ny Ankerhagen-konflikt på Straume

Slik det føreligg, er utkastet til sørviserklæring nok ei understreking av at Plan og bygningslova si favorisering av dei store utbyggjarane skal spikrast i Fjell kommune.

Les: Fjell vil subsidiera børsnotert utbyggingsgigant

Under kommunalminister Jan Tore Sanner har praktiseringa av Plan og bygningslova blitt omforma til eit grovkalibra våpen som siktar breit og treff rettferdige og urettferdige – heilt tilfeldig.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s